IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

17. mai

Luk 1:50-53

I PREIKA

Der ein har familiegudsteneste på 17. mai har ein vel prøva ut både lys og flaggsymbolikk mange gongar alt. Ikkje det, gode ting kan gjerne gjentakast, men det er siste setninga i teksten som har gripe meg i denne omgang. "..men sende dei rike tomhendte bort." Kva betyr det for oss? Visst er det mange lommebøker som er slanke, visst er det mange kommunar (og kyrkjelydar) som slit med økonomien. Men som land er me uhorveleg rike! Kva med oss – vert me sendte vekk av Gud utan nokon ting?

Preika dette året kan handle om kva me kan kjøpe med penga våre – og kva me ikkje kan kjøpe med penga våre!

Bruk reklame, avisannonsar, eigendom til salgs, o.l for å syne kva me kan kjøpe.

Bruk bibelen, bilde av vener som klemmer, familiebilde, smil, o.l for å syne kva som ikkje kan kjøpast.

Kanskje kan me få til ei samtale om kva som betyr mest i livet. (Venner eller flunka ny bil).

For eigentleg handlar det vel ikkje om å vere rik i seg sjølv, det handlar om kva rikdomen gjer med oss – og kva me gjer med rikdomen. I Norge har staten vore flink ( i alle fall samanlikna med andre land i vesten) til å bruke pengar på andre som ikkje har det slik som oss. Og når det er innsamlingar rundt om i landet, til Irak, til fattige, til svoltne, til hiv og aidssjuke – så syner det seg at mange nordmenn gjev rundhanda.

Det handlar ikkje berre om å få, få – det handlar også om å gje. Og når me i Norge er så velsigna med rikdom har me eit særleg ansvar for at andre skal få det betre!

Har du lyst til å tenne ljos? Da kan du jo tenne:

Eit blått ljos: For dagen da me kan legge landet vårt – og dei som bur her – i Guds hender. Og takke.

Eit raudt ljos: For dagen da me med opne auge må sjå oss ikring – det er ikkje alle som har det så godt som me. Omsorg for andre.

Eit kvitt ljos: For dagen da me skal oppmuntrast til å gje vidare vår kristne arv til dei små. Dei skal bringe den til nye generasjonar – me må gjere det mogleg! Gjere Jesus synleg for stadig nye.

EI SALME

Norsk salmebok Nr. 740

Fagert er landet du oss gav

LITURGI

Forbøn

bruk lysgloben, lat nokre barn og vaksne vere med tenn ljos og be for landet, folket, invandrerar, andre land i verda, for barn som lir i krig - svolt - omsorgsvikt, for misjonærar, for at fleire skal høyre om Jesus o.l.

Anne Berit J