1. søndag etter Kristi openberringsdag

1 Mos 28,10-19a

HER ER PORTEN TIL HIMMELEN

Denne teksten frå første Mosebok har vorte utgangspunktet for den kjende salmen "Nærmere deg min Gud". Ein vil fort sjå at versa i denne salmen refererer til bibelteksten.

Salmen "Nærmere deg, min Gud" har vorte ein av dei meir kjende songar i verdshistoria, etter at han vart spela på dekket av Titanic 15. april 1912 før skipet gjekk under.

Det er viktig å sjå at samanhengen dette bibelavsnittet står i. Jakob har lurt til seg den velsigninga som var tiltenkt broren Esau. Esau legg Jakob for hat og bestemmer seg for å drepe han. Berre ei åtvaring frå mora, gjer at Jakob kjem seg unna. Det er når Jakob rømmer for å berge livet, at han overnattar ute i det fri med ein stein til hovudpute. Det er i denne ytterst kritiske livssituasjonen at han ser himmelen open og opplever Gud så nær at han høyrer Guds røyst seie: "Sjå, eg vil vere med deg og verne deg kvar du så fer".

Vi kan vel berre ane litt av den forferdelege situasjonen som dei rundt 2200 passasjerane i Titanic var oppe i då skipet i løpet av 4 timar om natta gjekk under aust for Newfoundland. Dette var ein krisesituasjon som enda med at over 1500 menneske drukna. Det var sikkert mange som ropa til Gud. Og så kom songen med refrenget "Nærmere deg, min Gud", som minna om Jakobs oppleving ved Betel der han høyrde Guds forsikring om att Gud ville vere med han og verne han kvar han så drog. Kanskje var det menneske som då tenkte før dei vart slukte av bølgjene: Livet er slutt, men ikkje Guds omsorg. Gud er med meg også her. Her er porten til himmelen.

Det er faktisk ein del menneske som har opplevd i sjukdom, konfliktar, depresjon, sorg og tunge stunder at Gud då har kome dei ekstra nær. Så nær at dei på ein eller annan måte har opplevd Gud tale til seg. Det er menneske som framfor døden har opplevd dette.

Jesus gjekk jo inn i det djupaste mørke for å vise oss også der, ja, kanskje aller mest der vil Gud kunne vere hos oss.

Den kristne bør syngje "Nærmere deg min Gud", når livet er som mørkast. Dette er bibelsk. Det var dette Jakob opplevde ei natt utafor Betel. Han opplevde at der var porten til himmelen.

Nærmere deg, min Gud, nærmere deg,

om det et kors enn er som løfter meg.

Synes meg veien trang, er det dog all min sang:

Nærmere deg, min Gud, nærmere deg!

Geir Sørebø