3. søndag etter Kristi Openberringsdag

Joh 4,27-42

"Då let kvinna vasskrukka stå!"

Ei samaritansk kvinne var komen ut til brunnen for å hente vatn. Samtalen med den ukjende mannen fengsla henne slik at ho gløymde ærendet sitt. Ei tom vasskrukke stod att på brønnkanten som eit vitnemål om ein kvardag som hadde vorte annleis. Kva hadde hendt med denne kvinna? Tre ting:

1. Kvinna hadde fått eit nytt syn på Gud

Ein bonde eg kjenner gjorde seg ein dag nokre tankar om Gud. Då sa han: "Ja, dersom Gud finst, kan det i alle fall ikkje vere nokon liten kar". Det var ein folkeleg måte å seie det som vi alle anar - Gud må vere uendeleg stor. Eller med Bibelen sin ordbruk: Gud er heilag". Vi hugsar sikkert profeten om utbraut:

"Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lipper og eg bur mellom eit folk med ureine lipper og augo mine har sett Kongen, Herren, Allhærs Gud".

Når ein Israelsk profet kjende det slik, korleis måtte ikkje så ei samaritansk kvinne oppleve Gud.

Ho høyrde til eit folk som jødane sa var ureint. Som kvinne fekk ho ikkje lov å dyrke Gud i lag med mennene. Ho hadde levd saman med fem ulike menn. Kunne ho komme nær Gud utan å måtte døy?

Ved brønnen vart hennar tankar om Gud snudde opp- ned. Den framande sa han var Messias. Og han bad henne om ei teneste. "Lat meg få drikke". Guds utsende bad henne om vatn!
Då gløymde kvinna vasskrukka. Vasskrukka vart ståande att på kanten av brønnen. Kvinna hadde fått eit nytt syn på Gud. Men ikkje berre det.

2. Kvinna hadde fått eit nytt syn på seg sjølv

Kvinna sprang inn til byen, og det første ho sa då ho møtte folk, var: "Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt eg har gjort".

For nokre år sidan var eg innom eit sjukehus for å ta nokre røntgenbilete. Eg hadde ikkje følt meg heilt bra og gått til lege. Han sende meg på røntgen. Etter at bileta var tekne, sat eg på eit venterom og skulle vente på resultatet. Det var litt ubehageleg. Snart skulle det kome ut ein ekspert i kvit frakk. Ein som hadde sett gjennom meg og avslørt løyndomar i mitt indre.

Kvinna ved brønnen hadde møtt ein mann som hadde sett gjennom henne og avslørt løyndomar i hennar liv. Løyndomar som kanskje gjorde at ho såg ned på seg sjølv. Som kanskje gjorde at andre baksnakka henne.

Men denne dagen ved brønnen vart det annleis. Ho møtte han som kunne seie sanninga om henne. Og han sende henne ikkje vekk. Tvert om. Han bad henne om ei teneste. Og han snakka lenge med henne. Han tykte visst at ho var eit verdfullt menneske.

Ho fekk eit nytt syn på seg sjølv denne dagen ved brønnen. Men meir enn det.

3. Kvinna hadde fått eit nytt syn på andre menneske

Kva er det som får folk til å verte misjonærar. Kva er det gjennom dei siste hundre åra som har fått kvinner å menn til å forlate heimlandet og dra ut i det heilt uvisse for å fortelje om Jesus.
Eg møtte ei kvinne i 60-åra som hadde kome heim att etter lang tids teneste på misjonsmarka. No hadde ho ikkje hus i Norge. Ho åtte mest ingen ting her. Ho hadde ikkje gifta seg. Kort sagt: Ho hadde lagt livet ned i misjonærarbeidet. Kvifor? Var det ikkje fordi ho hadde fått syn for kor verdfullt kvart menneske er? Uansett rase og nasjonalitet. Var det ikkje fordi ho hadde fått ein sterk trong til å gje dei det mest verdfulle av alt - trua på Jesus Kristus.

Det hende noko med den samaritanske kvinna den dagen ved brønnen. Ho fekk eit nytt syn på dei som budde i heimbyen hennar. Ho for rundt og inviterte alle med seg: "Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt eg har gjort! Han skulle vel ikkje vere Messias?"

Og på kanten av brønnen stod det ei vasskrukke som kvinna hadde gløymt.

Eg skulle ynskje at vi også kunne gløyme vasskrukka litt av og til. Ikkje berre vasskrukka, men vaskemaskina, traktoren, motorsaga, videoen og fjernsynet.

I muhammedanske land er det slik at dei truande har sine faste bønetider kvar einaste dag. Anten dei er ute eller heime, så fell dei på kne vendt mot Mekka.

Har ikkje vi kristne betre grunn enn dei til å ha ei stille stund kvar dag der vi let vasskrukka stå. Kort og godt fordi det er så gjevande å vere saman med Jesus. Han som gjev oss eit nytt syn på Gud, på oss sjølve og på våre medmenneske.

Geir Sørebø