Tekstmeditasjonane sin metodikk

Meditasjonane over søndagsteksten er ingen eksegetisk utlegging eller homiletisk tilrettelegging som den ein finn i for eksempel Luthersk Kirketidene. Heller ikkje er det ei forkorta preike. Det er som overskrifta seier ein meditasjon der eg let tanken fare fritt rundt bibelteksten. Men refleksjonane vert gjennomgåande presenterte innafor ei fast form. Meditasjonen skal dreie seg om eit tema som intuitivt spring fram frå teksten. Eg startar med ei innleiing som gjerne skal klargjere at teksten og temaet har aktualitet. Deretter vert tema utfalda i tre undertema som står i ein samanheng med kvarandre og byggjer opp til eit klimaks. Til sist kjem ein konklusjon der eg gjerne gjer ei sirkelrørsle og hentar opp igjen overskrifta eller innleiinga.

Kvart av dei tre underpunkta, gjerne også innleiinga, skal starte med det ein på engelsk kallar for "an emotional word picture". Vi kunne kanskje omsetje det med eit ordbilete som rører ved kjenslene våre. Dette "ordbiletet" kan vere saker og ting henta frå dagleglivet, det kan vere noko eg har sett ute i naturen, det kan i og for seg vere ei oppdikta historie eller det som eg nyttar mest - eitt eller anna eg sjølv har opplevd, det kan vere frå barndommen, i kyrkja eller i heimen. Bruken av "emotional word picture" står i ei lang tradisjonsrekke som går frå dei gamaltestamentlege profetane sitt biletspråk gjennom Jesus sin bruk av likningar og fram til einskilde lekpredikantar sin frimodige erfaringsteologi. Diverre har mykje luthersk og ikkje minst tyskinspirert preikeaktivitet vorte hengande fast i ein intellektuell, akademisk og abstrakt refleksjon som primært appellerer til logisk tenking.

Eg meiner at for å nå inn til det moderne menneske burde vi oftare gripe attende til ein langt eldre metode for å presentere evangeliet, ein metode som i større grad rører ved både kjensler og kreativitet.

Når eg alltid nyttar tre underpunkt, så er det fordi dette er eit eldgamalt pedagogisk grep. Tretalet er heilt grunnleggjande integrert i tilværet. Vi er tre-einige menneske (ånd, sjel, lekam) som trur på ein tre-einig Gud. Vi har tredimensjonale kroppar som lever med tre tidssfærer (fortid, notid, framtid).

Mi von er at desse tekstmeditasjonane skal kunne gje ei og anna aha-oppleving og vere med på å vise kor mange impulsar bibeltekstane har å gje til livet vårt og at dei er ei utømmeleg kjelde for den engasjerte forkynnaren.

I nokre meditasjonar skin det gjennom at dei ikkje er skrivne det året dei vert lesne, men eg vonar at dette i seg sjølv ikkje forringar kvaliteten for mykje.

Geir Sørebø