5. søndag i faste

1 Mos 22,1-13

GUDS TESTPROGRAM

Eg har lenge gått og tenkt på at eg skulle hatt bilen min på ein NAF-test. Han er snart tjue år, så det kunne vore nyttig å vite om eg kan stole på han og kva som eventuelt burde utbetrast. Eg veit NAF har eit program som bilen må gå gjennom.

Det kan sjå ut som Gud også har eit testprogam som menneske må gå gjennom. Og det kan verke som om dette programmet vert meir krevjande jo meir sentral rolle dette menneske har fått i Guds plan. Abraham var eit slikt menneske. Få har hatt ei meir sentral rolle i Guds plan og få har måtta gå gjennom ein tøffare test. Guds test har følgjande prøvepunkt:

1. Tru lovnads-ordet utan å forstå

Det var visst nok Storm P som ein gong skreiv følgjande under ei teikning av to karar som stod og prata saman: "Forstanden min hindrar meg i å tru" - "Å ja, men det skulle jo vere ei heilt ubetydeleg hindring!" Slik er det nok ikkje til vanleg. Dei fleste av oss opplever å ha ein stor forstand som er vanskeleg å motseie. Det er mangt i Bibelen som samsvarer med forstanden: Dei ti boda burde følgjast. Kjærleiksbodet er sentralt. Det vonde er ein realitet. Jesus var eit førebilete. Vi er syndarar osv. Det som ikkje samsvarer med fornuften er lovnadsordet: "Eg er med dykk alle dagar så lenge verda står"(Matt 28,20). "Be, så skal de få" (Matt 7,7). "Den som trur og vert døypt, skal verta frelst" (Mark 16,16). "Sjå, eg gjer alle ting nye" (Op 21,5). Lovnadsordet til Abraham lydde slik: "Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort" (1 Mos 12,2). Greidde Abraham å tru på denne lovnaden, samtidig som han ofra sin einaste arving? Dette var jo umogeleg å forstå, men altså første punkt i testen.

2. Aksepetere uforlikelege motsetningar

For nokre år sidan hadde eg ei gravferd for ein 17 år gammal gut. Han var foreldra sin einaste son. Eg tala over Bibel-ordet frå Job: "Herren gav, og Herren tok, Herrens namn vere lova!" (Job 1,21) Eg har ofte lurt på korleis foreldra opplevde dette Bibel-ordet. Det inneheld jo ei uforlikeleg motsetning. Går det an å akseptere at Gud både gjev og tek?. Det er dette det andre testpunktet gjeld. Gud gjev Sara og Abraham ein son (1 Mos 18,14), og Gud vil ta sonen attende (1 Mos 22,2) Eigentleg vert trua vår konfrontert med mange uforlikelege motsetningar. Motsetningar mellom det vonde og det gode, mellom krav og nåde, mellom Guds vreide og Guds kjærleik osv. Korleis takla Abraham denne utfordringa?

3. Gje frå seg noko ein er glad i når Gud krev det

Eg hjelpte for ei tid sidan ein eldre mann med å selje huset han åtte. Han sat att med ein gevinst på mellom ein og to millionar. Straks pengane var komne inn på kontoen, gav han alt til misjonen. Kvart øre. Og så levde han vidare i ein enkel og litt kummerleg alderdom. "Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel de du eig, og gjev det til dei fattige", sa Jesus til ein rik mann (Matt 19,22) Men testen vart for vanskeleg for denne mannen. Testen for Abraham var likevel uendeleg mykje verre. Gud kravde at skulle gje frå seg sin einaste, kjære son (v.2). Kunne han makte noko slikt?

Martin Luther skriv i sin kommentar til 1. Mosebok at når Gud testar oss, så er det Guds "framande" gjerning vi ser. Guds eigentlege gjerning ser vi i hans kjærleik, hans omsorg, som alle lovnadsorda viser til. Gud treng ikkje teste oss for sin del. Han veit kva som bur i hjarta vårt. Men Guds test gjer at vi sjølve kan oppdage kven hjarta vårt tilhøyrer. Guds test vil vise oss at til sist er det ingen ting anna på denne jorda som vi kan stole på enn Guds lovnadsord. Forstanden skal svikte oss. Motsetnadene skal innhente oss. Alt vi er glad i skal vi til sist miste. Men Guds lovnadsord står fast. Dette stolte Abraham på. Difor kunne han bestå ein test var så tøff at han berre vert overgått av Guds Son sin fullførte offerdød.

Til deg som opplever at du har vorte hardt testa av Gud: Abraham opplevde dette. Job opplevde dette. Jesus opplevde det. Guds "framande" gjerning som vil binde oss fastare til det saliggjerande lovnadsordet.

Geir Sørebø