5. søndag etter pinse

1 Mos 4,8-15

VI SKULLE VEL IKKJE VERE I SLEKT?

På eit offentleg møte eg var for ei par år sidan, deltok det ei dame frå ein heilt annan kant i landet. Ved eit tilfelle kom vi til å sitje ved sida av kvarandre under eit føredrag. Eg hadde aldri møtt denne kvinna før eller høyrt om henne. Av ein eller annan grunn kom vi i pausen til å utveksle nokre opplysingar om slektene våre. Og snart fann vi ut at vi var i slekt. Eg var firmenning med far hennar. Og brått hadde vi ein god del felles som vi kunne snakke om. I bibelteksten for denne dagen møter vi Kain. Han er vår slektning. I følgje første Mosebok 4 og 5 stammar heile menneskeslekta frå han og bror hans. Vi har altså mykje felles med Kain som det kan snakkast om. Emna kan knytast til tre stikkord som spring fram frå teksten:

1. Mordet

Eg veit om ein mann som køyrde på to små born som kom ut på vegen med trehjulssykkel. Begge borna døydde. Sjølvsagt var det eit uhell. Han oppdaga borna for seint. Blikket hadde ein augneblink vore festa ein annan stad. Eit lite sekund og så var ungane ute på vegen frå ei lita oppkøyrsle med busker rundt. Eg har mange gonger grubla på korleis denne mannen har hatt det i åra som gjekk. Det må vere tungt å vite at eg forårsaka to born sin død. Kain forårsaka sin bror sin død. Det begynte så fint. To brør ville ofre til Gud. Det beste vart opphav til det verste. Kanskje vart det ein krangel. Kanskje hadde Kain ikkje tenkt at det skulle gå så ille. Kanskje meinte han at han handla i sjølvforsvar. Uansett vert resultatet at eit menneske misser livet. Mennesket si historie byrjar med eit mord. Han er vår slektning, og vi kan ikkje unngå at mordet er innvevd i vår historie og våre liv. Sjølv når mennesket viser seg frå si beste side er mordet ein følgjesvein. Vi beundrar pyramidane, men kor mange menneske vart ikkje drepne for å få det til. Vi beundrar bilar og moderne kommunikasjonar, men kor mange offer ligg ikkje att i grøfta. Vi beundrar den teknologiske utvikling, men kor mange menneske tek vi ikkje livet av gjennom utnytting, forureining og miljøøydelegging. Eit blikk på stamfaren vår, Kain, lærer oss at det ikkje berre er nokre få mordarar mellom oss. Mordet følgjer oss alle som vår eigen skugge.

2. Mørkret

Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg å stå i Bucuresti ein sommar framfor balkongen der Ceausescu for siste gong prøvd å tale til folkemassane. Noko som tvert om førte til revolusjon og til at han vart henretta utan dom. For Ceausescu galdt Kain sine ord: "Den som finn meg, kjem til å slå meg i hel". I grell konstrast til Ceausescu sitt glitrande palass og luksusliv, stod hans tarvelege død. Det ligg ut frå bibelteksten nær å hevde at Kain var ekstremt sjølvoppteken og misunneleg. Dette er krefter som ligg djupt forankra i vår natur, og som har eit enormt potensiale for vokster om dei vert dyrka. Som kan plassere eit menneske på makta sine tindar, men som til sist fører oss inn i angsten sitt mørke - anten vi no heiter Kain, Ceausescu, Kari eller Ola. Kanskje rike, men heimlause og fredlause med fiendar til naboar over alt.

3. Merket

I gamle tider var det visst ofte slik at når ein dødsdømd fekk den siste nattverden før han vart avretta, så knelte dommaren ned og tok imot nattverden saman med han. Ei sterk understreking av at djupast sett er både den dødsdømde og dommaren i same båt. Begge er av mordarslekt, men samstundes er begge Guds kjære eigedom som kan få liv av hans nåde gjennom Jesus Kristus. Herren sette eit merke på Kain slik at han skulle berge livet. Nådens merke. Eit slikt merke har vi alle fått då krossmerket vart teikna på oss ved vår dåp. Ved dette merket skal vi som er av mordarslekt finne liv.

I desse dagar er det mange som har slektssteme. Det er ofte eit poeng å føre stamtavla så langt attende i historia som mogeleg. Lat oss gå heilt attende til Kain. Då ser vi at vi er av mordarslekt og at vi ber krefter i oss som kan føre oss inn i mørkret. Men samstundes får vi auga det Guds nådemerke som livet går ut frå. Som kristne får vi augo opp for Jesus kross som gav røvarar og mordarar nytt håp.

Geir Sørebø