17. søndag etter pinse

1. Sam 2,1-6

HANNA SI TRUVEDKJENNING - OG VÅR

Vi har fleire slags truvedkjenningar. Frå gudstenesta kjenner vi den apostoliske. Og den nikenske som vert nytta ved ulike høve. Nokre har kanskje også høyrt om den athanasianske, som vår kyrkje også reknar med til sine offisielle vedkjenningsskrift. Men i tillegg har mange av oss kvar vår truvedkjenning. Ord som uttrykkjer våre erfaringar med Gud. Kanskje ikkje nylaga setningar. Kanskje setningar med uttrykk som vi har lånt frå bibel og tradisjon, men som vi likevel nyttar for å uttrykkje dei erfaringane vi sjølve har gjort. Ei slik vedkjenning finn vi i søndagsteksten frå første Samuelsbok. Ei vedkjenning som den tidlegare barnlause Hanna framseier etter å ha fått ein son på underfull vis. Truvedkjenninga har dette tre sentrale tankane:

1. Herren gjev meg kraft

Eg hugsar ein predikant som for ein del år sidan kunngjorde at Gud ved Den Heilage Ande gav han kraft til å springe 100 meter på 10.0 sekundar. Det ville i så fall den gongen ha vore tangering av verdsrekorden. Eg veit ikkje om predikanten nokon gong fekk testa dette ut i praksis. Men nokon kvar av oss har sikkert sett amerikanske sprintarar bøye seg og be ei takkebøn etter at dei har passert mållinja på betre enn 10 blank. Ei truvedkjenning. Det er Gud som gjev meg kraft.

Den gamaltestamentlege Hanna hadde altså fått kraft til å føde ein son. Det var noko som ingen hadde venta, for ho hadde vore mange år utan barn. Etter fødselen kjem så truvedkjenninga. "Mitt hjarta frydar seg i Herren, Herren gjev meg stor kraft". Har ikkje vi ofte grunn til å seie det same i etterkant av mange situasjonar der vi har fått styrke til å gjennomføre ting vi har sett oss føre?

2. Herren er heilag

Det var ein sommar vi var på ferie i Danmark. Om søndagen kom vi i snakk med ein dansk mann utafor kyrkja etter gudstenesta. Han fortalde at ein av prestane i kyrkjelyden var ein underleg type. Denne presten slo krossteiknet minst tjue gonger i kvar gudsteneste, sa mannen. Kvar gong presten kom ut frå sakristiet og skulle gå for altaret, bøygde han seg mot golvet og gjorde krossteiknet. Eg var samd i at dette høyrdest litt rart ut, og eg måtte tenkje på den gamle tanta mi som øvde seg på å neie djupt nok den gongen ho skulle til kongen etter å ha fått fortenestemedalja. Men likevel - denne presten ville ta vare på eit perspektiv som vi så skammeleg ofte gløymer: "Herren er Heilag". Høyrer ikkje dette alltid med i ei truvedkjenning som spring ut av ei ekte oppleving Guds handling og Guds nærleik. Slik var det med Jesaja (Jes 6) og Paulus (Apg 9) og Hanna. Etter det ho har erfart, fell desse orda i munnen på henne: "Ingen er heilag som Herren".

3. Herren forvandlar livet

Ved eit par høve har eg hatt gravferd i Kyrkjebø kyrkje der ein solist har sunge Bjørn Eidsvåg si salme "Eg ser". Då har eg spesielt merka meg denne siste setninga: "Eg gjer død til liv for deg"

Og så har eg samtidig løfta blikket opp til det gamle krusifikset i kyrkja der Kristus heng på krossen med den gullforgylte kongekruna på. Samtidig fornedra som triumferande sigerherre. Samtidig døyande som livgjevande. Det er denne underfulle forvandlinga som er nærverande når eit kristent menneske vert følgd til grava. Ja, eigentleg er dette nerven i alt kristent liv. Herren forvandlar livet. Det som ved første augneblink kan tykkjest stort og imponerande, skal kunne styrte saman som eit korthus på nokre sekundar. Det som tykkjest lite og veikt skal ved Herrens kraft kunne stå fram som det som det pålitelege og varige. Søndagsteksten sluttar med nokre sterke vers som viser korleis mangt vert snudd opp ned i Herrens kraft. Og er ikkje dette ord som også er til ettertanke, ikkje berre for ei kvinne som fekk barn for fleire tusen år sidan, men også for oss i dag: "Stridsmenns bogar vert brotne, men dei trøytte bur seg med kraft. Dei mette må tena for brødet, og dei svoltne svelt ikkje meir. Barnlaus kvinne får sju søner, den barnerike visnar bort. Herren tek liv og gjev liv, han sender menneske til dødsriket og kan føra dei opp derifrå". Hanna si trusvedkjenning. Korleis vert så vår truvedkjenning i lys av dei erfaringar vi har gjort og den kristne tradisjon vi har bak oss heilt frå Hanna si tid?

Geir Sørebø