Vingardssøndagen

1 Sam 16,1.4-13

KVEN SKAL LEIE GUDS FOLK?

I ein samtale fall orda omtrent slik: "Dette spørsmålet må vi overlate til presten å ta stilling til, for han er kyrkjelyden sin hyrding". Den andre personen svara: "Eg meiner at det ikkje alltid er slik at presten er kyrkjelyden sin hyrding. Det er i så fall noko som må vise seg i praksis". Samtalen dreia seg om dette: Kven skal leie Guds folk? Dette spørsmålet har vore kjempa med heilt sidan Israel si eldste tid. Då heitte det: Skal Guds folk leiast av dommarar, profetar eller kongar? I dag er spørsmålet like aktuelt. I dag heiter det: Skal Guds folk leiast av presten, kyrkjeverja eller soknerådsleiaren? Lat oss sjå på kva den aktuelle bibelteksten legg vekt på når leiaren for Guds folk skal utpeikast. I teksten vert det lagt vekt på tre ting:

1. Det rette hjarta

Ein samtale med ein dansk prest i ein sommarferie i Danmark, står enno klart for meg. Han sa noko i denne retning: "For meg er det knekkande likegyldig kor mange som kjem i kyrkja om søndagen. Eg førebur mi preike. Eg seier det same anten det sit 5 personar eller 100 personar i kyrkja. Min jobb er å preike, og så får det vere folk sitt ansvar å møte fram".

Men eg tenkte: Kvar er ditt hjarta? Kvar er din kjærleik til kyrkjelyden? Kvar er ditt engasjement for at folket skal nå fram til det evige livet? Isai i Betlehem hadde mange søner. Fleire av dei hadde kvalifikasjonar som gjorde at dei stod fram som gode leiaremner. Guds utsende mann ser likevel saka frå ein noko anna synsvinkel. Han seier: "Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta. Den rette leiaren for Guds folk, måtte ha det rette hjarta.

2. Valt ut av Herren

Då eg hadde bestemt meg for å studere teologi og gjort dette kjent for folk, fekk eg eit brev frå ein mann som ikkje trudde det var nokon god ide. Eg hugsar at han skreiv: "Den som skal studere teologi, må ha eit kall". Eg skreiv straks attende til han og sa: "Eg er heilt samd med deg. Og eg vil gjerne fortelje deg at eg har fått eit kall frå Gud til dette". Mange frårådde meg å studere teologi. Det som gjorde at eg stod fast på det valet, var at eg opplevde det som eit kall frå Gud.

Då eg i si tid vart kalla som lærar ved Menighetsfakuletetet, stod det i kallsbrevet: "Styret vil be deg vurdere om ikke et kall fra mennesker også kan være et kall fra Gud". Då eg seinare søkte stilling som prest, var det ut frå ei oppleving av at Gud kalla meg til det gjennom biskop og kyrkjelydslemer som oppfordra meg til å søkje.

Isai let sju søner gå fram for Samuel. Alle var sikkert dugande. Men Samuel sa til Isai: "Herren har ikkje valt ut nokon av desse". Den som skal leie Guds folk, må ha eit kall. Han må vere valt ut av Herren.

3. Fylt av Herrens Ande

Mange av oss har sikkert la sikkert merke til korleis den norske utanriksministeren reiste rundt i dei urolige områda på Balkan og hadde møte med ulike grupperingar og president Slobodan Milosevic. Og så kan ein spørje: Korleis kan ein person reise trygt i krigsområde og få den han vil i tale? Det er sjølvsagt fordi den norske utanriksmisteren ikkje reiste som privatperson, men som formann i OSSE og med fullmakter frå heile det internasjonale samfunnet.

I Betlehem salva Samuel den yngste av Isai sine søner. "Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan". David hadde fått ein ny status. Ei ny fullmakt. Frå no av kunne han ferdast trygt mellom fiendar. Den som skal leie Guds folk, kan ikkje gjere det som privatperson. Han må ha fullmakt frå Gud sjølv. Han må vere følgd av Den Heilage Ande og late seg leie av Den Heilage Ande.

Kven skal leie Guds folk? Skal det vere kyrkjeverja, soknepresten eller soknerådsleiaren? Det kan faktisk vere ei avsporing å fokusere på titlar og stillingar. I staden burde det stå i fokus som teksten for denne søndagen talar om. Den som skal leie Guds folk, må ha det rette hjarta, vere utvalt av Herren og vere fylt av Herrens Ande. Slik var det med David. Slik var det med Jesus. Slik var det med Peter. Slik bør det vere i kyrkja i dag.

Geir Sørebø