4. søndag etter påske

1. Joh 4,10-16

Guds store kjærleiksprosjekt

Det er moderne å jobbe i prosjekt. Eit prosjekt er gjerne eit tidsavgrensa opplegg som samlar ein del menneske for å arbeide mot å oppnå ei bestemt målsetjing. Bibelteksten frå 1 Joh gjev oss konturane av eit stort prosjekt med ei målsetjing om å forandre denne verda. Prosjektet har tre stadi:

  1. Gud er kjærleik
  2. Det var media eit oppslag hausten 2003 som eg ikkje gløymer. "Baby funnet på toalett". Oppslaget var frå England der ein på eit offentleg toalett hadde funne ein seks månader gammal baby i ei korg på eit toalett. Baby-jenta hadde ei smekke med påskrifta: "Eg er ei søt prinsesse".

    I Jesajaboka står følgjande: Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde? (Jes 49, 15) Vi veit ingen ting om kva mor til babyen i England følte. Det var sikkert ei tragedie som låg bak hendinga. Men livet er fullt av døme på at sjølv den djupaste og beste menneskelege kjærleik, morskjærleiken har, sine grenser og kjem av og til til kort. Difor kan ingen seie: Mor er kjærleik. Jesajaboka held fram: "Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg." Guds kjærleik har ingen manglar. Den er komplett. Difor kan det seiast slik det står to gonger i 1 Joh 4: "Gud er kjærleik".

  3. Jesus viste Guds kjærleik
  4. "Ja, men eg er glad i deg", sa mannen. "Men det er så vanskeleg når eg ikkje opplever det i den praktiske kvardagen", svara kona. Dei to var komne til samtale om samlivet sitt som ikkje var så enkelt. Kjærleik kan ikkje reduserast til ein teori. Kjærleik må også vere noko meir enn ord som vert skrivne og sagde. Kjærleik må komme til syne i det daglege livet, gjennom ting som vert gjorde, gjennom oppofring, gjennom at ein gjev av seg sjølv, gjennom arbeid, gjennom prioriteringar. Det hadde ikkje vore rart med Guds kjærleik dersom den berre hadde vore ein filosofisk ide som ein kunne lese om i eit filosofisk verk. Johannes understrekar at slik er det ikkje. Guds kjærleik er noko som har vist seg i verda gjennom tårer og blod. Gjennom Jesus sitt soningsverk. Dette er noko som folk har vore vitne til. "Vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda" (v.14) skriv han. Dette er noko heilt anna enn ein ide om den fullkomne kjærleiken. Jesus viste denne kjærleiken i praksis.

  5. Guds kjærleik skal fullendast i oss
  6. Bygdebøker er spanande lesnad. Ein kan sjå i gardssogene korleis gardar har gått i arv frå far til barn til barnebarn til oldebarn. Og eg veit at for mange har det vore noko av det som har hatt mest å seie for ein mann er at livsverket har vorte vidareført av ein ny generasjon i ætta. Dei færraste av oss finn den største gleda i å leve berre for oss sjølve. Vers 12 i teksten for denne søndagen endar med nokre merkelege ord. Det er i oss Guds kjærleik skal fullendast. Eg forstår dette slik at Guds kjærleik eksisterer ikkje for Guds skuld. Guds kjærleik har heller ikkje kome fullt ut til sin rett ved å verte vist og praktisert av Sonen, Jesus Kristus. Men Guds kjærleik har først nådd sitt mål den dagen alle Guds born elskar kvarandre. Den dagen har vi overteke arven og målet med Guds prosjekt er nådd. Ingen av oss veit kva som er sluttdatoen for Guds kjærleiksprosjekt. I større eller mindre grad kan Guds kjærleik vert fullenda i den einskilde, men først den dagen Gud fyller alt i alle er Guds kjærleiksprosjekt avslutta.

    Geir Sørebø