IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

4. søndag etter Påske

1. Joh 4:10-16

I PREIKA

Dialogpreike med diakon eller ein frå diakoniutvalet med fokus på setningen: "De kjære, har Gud elska oss så, då er vi og skuldige å elska kvarandre." Korleis gjere det i praksis, i skulegarden, heime og på fotballtrening. Dersom det er barn i kyrkja kan dei vere med og tenke høgt på korleis me kan syne kjærleik til andre menneske.

Me kan elske andre fordi Gud elska oss fyrst. Som månen reflekterer sola og gjev oss ljos sjølv om det er natt, kan me reflektere kjærleik frå Gud til medmenneska våre. For barna er det viktig å vite at nokon elskar dei, det gjev tryggleik i kvardagen. Som Guds barn er det også viktig for oss å vite at Gud elskar oss, og at me er hans barn uansett korleis dagen vert. Har ein den vissa som grunnmur i livet har ein ein tryggleik som gjer sterk. "Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre." Me har mykje å vere takksame for!

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 116: Gud er så glad i meg

LITURGI

Forbøn: Lat diakonen/diakoniutvalet vere med og utforme bøner der ein særleg tenker på barn som av ulike årsakar har ein vanskeleg kvardag.

FRAMLEIS GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J