1. søndag etter påske

1 Kor 15,53-57

EIN KRISTEN SIN RETTE PÅKLEDNAD

Den dagen denne meditasjonen vert skriven har alle dei større avisene oppslag om dei to jentene som fall utfor ein skrent i fjellet og vart borte for turkameratane i snødrevet. Nesten eit døgn seinare, på eit tidspunkt der ein frykta at dei var omkomne, vart dei funne i live og i etter måten bra form. Dei hadde hatt på seg rett påklednad og difor greidd å bevare livet i ei snøhole gjennom ei kald og mørk natt. Teksten for denne søndagen talar om kva slags påklednad ein kristen må ha for å klare seg gjennom den siste store påkjenninga.

1. Ein kristen skal verte ikledd uforgjengelegdom

I andre etasje i prestegarden har vi eit kott der vi plasserer klede som vi av ein eller annan grunn ikkje vil gå med meir. Då eg for litt sidan stakk hovudet inn i kottet og såg gjennnom det som hang der, måtte eg dra på smilebandet. Tenk at eg hadde gått med den jakka for 15 år sidan! Heilt avlegs i dag - og i tillegg med hol på albogen. Det vi kler på oss er sanneleg noko av det mest forgjengelege som finst. "Dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom", skriv Paulus. Går det altså an å finne ei klesdrakt som er uforgjengeleg. Seier ikkje Paulus også at alt det skapte er lagd under forgjengelegdom (Rom 8,20), ja, at alt det synlege er forgjengleg (2 Kor 4,18)?

Korleis kan det så gå til at ein kristen skal verte ikledd uforgjengelegdom?

2. Ein kristen skal verte ikledd udøyelegdom

Som prest har eg mange gonger stått saman med familien rundt ei open kiste. Kanskje var det ein bestefar som var død. Han låg der stiv og stille med attkjennelege andletsdrag ikledd den kvite skjorta. Så har eg tenkt at dette er vår felles lagnad. Slik skal vi liggje alle til sist. Ikledd det døyelege. Ikledd vår døyelege lekam, som Paulus fleire gonger talar om (Rom 6,12; 8,11)

Korleis han då brått snakke om at dette døyelege må verte ikledt udøyelegdom?

3. Ein kristen er ikledd Kristus

På Sørlandet ein stad bur det ein mann som liknar utruleg på Elvis. Han har streva i mange år med å verte sitt store førebilete så lik som mogeleg. Han har studert korleis Elvis levde. Korleis han bevega seg. Korleis han song. Korleis han var kledd. Han har på ein måte kledd på seg Elvis.

Den kristne fekk ei ny drakt då han vart døypt. Ei drakt av ein heilt annan kvalitet enn den forgjengelege dåpskjolen. Paulus skriv: "For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledt dykk Kristus" (Gal 3,27). Og den som har ikledt seg Kristus, har fått del i Kristus sin fylde. I dag er denne drakta usynleg, men ein dag skal det vere i kraft av denne drakta at vi lever og er til. Difor kan Paulus triumferande bryte ut: "Død kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus". For det er den som har ikledt seg Kristus og bevart denne klednaden på som til sist vert ikledt både udøyelegdom og uforgjengelegdom.

På framsida av Dagbladet står det denne dagen dette vert skrive: "Jentene som lurte døden". Det var to jenter som lurte døden i fjellet fordi dei hadde den rette påklednad. Slik skal den kristne til sist lure døden. Han skal lure døden fordi han har ikledt seg Kristus. "For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet (2 Kor 5,4)

Geir Sørebø