6. søndag etter pinse (Aposteldagen)

1 Kong 19,1-9

DEN SOM SKAL LEIE KYRKJA, MÅ SJØLV VERE LEIA AV GUD

"Lat oss særskilt be for dei som er kalla til leiaransvar i kyrkja", slik heiter det i ei av forbønene i Den norske kyrkja si gudsteneste. Og det kan trengast, for det har aldri vore enkelt å stå fram med leiaransvar i kyrkja og kyrkjelyden. Ein vert gjerne ståande i strid. Og ofte er det ein strid som gjeld sentrum i vår gudstru. Slik er det i dag. Slik har det vore i heile kyrkja si historie. Og slik var det alt i gammaltestamentleg tid. Søndagsteksten frå 1 Kongebok fører oss midt inn i ein slik strid. Den sentrale aktørane er på den eine sida kong Akab og dronning Jesabel og på hi sida profeten Elia. Jesabel har fått innført dyrking av guden Baal i landet medan profeten Elia står fram som representant for Herren, Israels Gud. Stridsemnet er kven som er den sanne Gud. Jesabel har først drepe mesteparten av Herrens profetar (18,4), så medverkar Elia til at 450 Baals-profetar vert drepne (18,22; 18,40). Korleis opplever Herrens profet, lyden sin leiar, det så å stå i ein slik uforsonleg strid der menneske til og med måtte late livet. Teksten for søndagen seier oss noko om dette:

1. Leiaren kjempar med mismot

"Det mørkre som då seig over min hug, var svartare enn natta, og den tyngsla som la seg i hugen var tyngre enn lasset i mine gamle nevar", orda er henta frå Ludvig Hope si dagbok og skrivne 9. april då han kom med tog attende frå Sverige og fann Oslo hærteke av tyskarane. Han ante kanskje alt då at dette skulle verte ei tid der kristenleiarane kom til å verte sette på hard prøve. Dei måtte kjempe for si vedkjenning og kanskje ofre livet. Det er interessant å sjå korleis kristen leiarane i 1940 nedkjempa mismotet. På det store møtet i Calmeyergatens misjonshus i 28. oktober tala både Hope, Hallesby og Berggrav. Dei bekjempa mismotet ved ei sterk syndsvedkjenning. Hallesby sa mellom anna: "Da måtte jeg ydmyke meg og innrømme at Gud har rett når han tukter og straffer oss her i Norge. Vi har syndet så meget og så grovt her i landet, både de troende og de vantro, både den enkelte og folket, at Gud ikke kunde utsette straffen mer. Da jeg endelig bøide meg og innrømmet dette for Gud, da fikk jeg kaste sorgen på Gud, både min og folkets dype sorg. Da fikk jeg fotfeste. Da fikk jeg frimodighet". Og Berggrav sa mellom anna: "Har noen av oss tapt motet, så er det fordi vi har tapt Gud. Har vi tapt Gud, så er det fordi vi har holdt noe unda for Gud. Har vi holdt noe unda for Gud, så er det fordi vi har syndet mot ham uten å ville bekjenne". Lat oss leggje merke til likskapen med Elia. Under den store konflikten går han ut i øydemarka og ønskjer å døy og vedkjenner at han som menneske ikkje har noko å rose seg av. "No er det nok", sa han, "ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine".

2. Leiaren erfarer Guds omsorg

Mange med leiaransvar i kyrkja opplevde stor naud under krigen. Nokre miste livet. Men det er overraskande mange som samstundes vitnar om Guds omsorg. Regjeringa ville ha Berggrav dømt til døden. Men forunderleg nok vart han verande på hytta si i Asker. Dit fekk han brakt mat og det han trong for å leve. Hallesby og Hope vart arresterte og skulle sendast til Tyskland, men vart verande på Grini. Hallesby skreiv frå fangenskapet: "Jeg har det godt både natt og dag. Gud fyller min sjel med en stor og rik glede, ikke minst når jeg får hjelpe sjeler som søker hjem til Gud. Her er meget å gjøre. Guds ånd arbeider blant oss. Og det er deilig å få leve i de helliges samfunn".

Elia fekk oppleve Guds omsorg. Ein engel viste han brød og vatn som var kome til han på uforklarleg vis. Han fekk den naudsynte styrke til å klare seg gjennom utfordringane.

3. Leiaren vert leidd mot eit nytt mål

Resultatet av kyrkja sin rolle under krigen har sikkert mange sider. Men det har gjort inntrykk på meg når kjende menn som Trygve Bull og Erik Bye i ettertid har stått fram og sagt at krigsåra gav dei fornya tru på kyrkja si sak. Vi skal ikkje gløyme at kristenfolket før krigen var prega av splitting og mange uforsonlege frontar, og at det i krigsåra vaks fram ein ny einskap og ei ny forsoning, som ma. kom til uttrykk i det nye vedkjenningsskriftet "Kirkens Grunn". Elia vart leidd til "kjelda", til Horeb, eller Sinai, til fjellet der Herren hadde gjeve Moses dei ti boda. Der skal Herren på ny openberre seg, og gjeve Elia i oppdrag å salve ein ny konge og ein ny profet (19,16). Her skal det leggjast grunnlag for ein ny start og eit nytt leiarskap av folket.

Vi har gjort ei lita parallellføring mellom ein stor Guds leiar som levde i krigssituasjonar i gamaltestamentleg tid og våre kyrkjelege leiarar under krigen. Enno meir spanande ville det vore å trekt linjene fram til våre kyrkjelege leiarar i dag. Vi lever i ei fredstid no. Men kyrkjelege leiarar er likevel alltid i krig. For vonde krefter vil alltid true vår tilbeding av den eine sanne Gud. Ikkje minst i velstandstider. Og då er dette ein sann leiar sin rette veg: Å måtte erkjenne kor alvorleg den situasjonen er som ein står i. Bøye seg for Gud og sanne si synd. Så erfare Guds omsorg i vanskelege tider. Og til sist late seg leie mot eit nytt mål. For den som skal leie kyrkja må sjølv vere leia av Gud.

Geir Sørebø