18. søndag etter pinse

1 Mos 2,1-4

Vegen til det gode liv

Det er vanskeleg å danse dersom ein ikkje veit kva rytme er. Ja, utan rytme blir livet trua. Hjarteslaga vår og pusten vår må vere rytmisk. Ulike former for rytme omgjev oss alltid. Den taktfaste vekslinga mellom sommar og vinter, mellom dag og natt, mellom flo og fjære. Teksten for denne søndagen viser oss ein anna heilt grunnleggjande rytme. Rytmen mellom arbeid og kvile. Også denne er ein del av tilværet. Gud sjølv går inn i denne livsrytmen og gjer han til basis for det gode livet. Teksten handlar om tre saker:

  1. Det skapande arbeidet
  2. Eg er vaksen opp på ein liten gard utan traktor eller andre maskiner. Alt høy måtte slåast med ljå og køyrast inn med hest. Lauv frå trea vart samla i løa og var ein del av foret. Poteter måtte takast opp med hand. Det var eit dagleg slit som ikkje gav mykje inntekt. Men eg har eit minne om at når slåtten var ferdig om sommaren, så var alt så fint på garden. Alt var som ein velstelt park. Slik er det ikkje i dag. Det nedlagde småbruket står overgrodd av busker og kratt. Først no ser eg at det harde arbeidet som vart gjort, var eit skapande arbeid. Det skapte eit fint kulturlandskap, det skapte ei fin ramme rundt ein trygg heim. Djupast sett er alt ekte og ærleg arbeid eit skapande arbeid. Mønsterbiletet for alt arbeid er Guds arbeid for å skape jord og himmel. Målbevisst og planmessig går han til verks. Idear og tankar vert sette ut i livet. Av "ingen ting" oppstår det noko nytt. Stille vert erstatta med lyd. Mørke med lys. Død med liv.

  3. Den gode kvile
  4. Laurdags ettermiddag var ei fin tid i min barndoms somrar. Hesten vart sett fri i skogen. Kjerra vart sett på låven. Tunet vart feia. Dei vaksne vaska seg. Kakao vart koka og det lukta speilegg og bacon. Det var helg. No skulle ingen ting gjerast før måndag, Ikkje ein gong tørrhøyet skulle takast inn. Det var tid for kvile. Det var tid for søvn. For litt betre mat. For å møte naboar til ein prat. For å gå til kyrkje dersom det var gudsteneste. Mønsterbilete for all kvile er Guds kvile. Kva gjorde Gud den sjuande dagen? Så langt teksten fortel, gjorde han ingen ting. Ut av ingen ting hadde Gud skapt alt. No stansar Gud opp og omhyllar seg atter med ingen ting. Ein rytme vert nedlagt i skaparverket. Ein rytme som både planter, dyr og menneske har del i. Rytmen mellom konsentrasjon og avslapning, vekslinga mellom å fylle sinnet med alt og så tømme sinnet for alt i den gode søvn og den gode kvile.

  5. Den livgjevande velsigninga

Ein prest eg kjenner vart tilkalla på eit større verft. For reiaren ville gjerne at han skulle velsigne det nye skipet før det var sett på sjøen. Ein katolsk kristen som eg høyrde om hadde vorte velsigna av paven. Det var det største han hadde opplevd. Men kor mykje meir har det då ikkje å seie at kviledagen er velsigna av Gud. På denne sjuande dagen kvilte Jesus i grava. Han hadde gjort si gjerning. Han følgt sin plan. Han hadde motteke Guds dom. Men på den sjuande dagen i veka kvilte Guds velsigning over han. Alt var stille og tomt. Men i kraft av Guds livgjevande velsigning stod han opp den første dagen i veka. Eit nytt liv var begynt for menneska.

Kanskje har det noko for seg å gjere laurdagen til dagen for den gode fysiske kvile, i alle høve laurdag ettermiddag, slik eg opplevde det i min barndom. Medan søndagen er heilagdagen. Den dagen vi tek i mot velsigninga frå den oppstadne Kristus. Guds velsigning kvilte over han i grava si sabbatsro. Men med søndagens evangelium forkynt for oss startar det nye liv for alle Guds born. Så er dette den gode rytme, vekslinga mellom skapande arbeid, total kvile og ny aktivitet i lys av evangeliet si skaparkraft. Dette er vegen til det gode liv. Og til den siste kvile (Hebr 4).

Geir Sørebø