IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

18. søndag etter Pinse

1. Mos 2:1-4

I PREIKA

Også Gud måtte kvile! Enda han er stor og sterk, sette han av ein dag til å gjere ingenting! Til å kvile og nyte alt det vakre han hadde skapt. Og sjå, alt var overlagt godt!

Alle menneske treng kvile, sjølv om nokre lever livet som om det ikkje var slik. Korleis skal me synleggjere det i ei gudsteneste, når me sjølve stresser rundt føre gudstenesta for å få klargjort alt før kyrkjeklokkene ringer inn! Er gudstenesta berre ei ny hinderløype på vegen?

Eg trur at det nå, meir enn nokon gong, er viktig å preike om kvile, om ro. Men korleis møte barna i gudstenesta med ord om kvile når det for dei vert oversett med å kjede seg??

Kvile er ikkje å sitte heilt stille. Kvile er å vere nær, ha tid til å vere der du er. Kanskje skulle preika denne dagen vere ei stille vandring rundt i kyrkjerommet medan organisten spelte roleg og vakker musikk? Der ein kunne få tid til å sjå kvarandre inn i auga og samtale kort og stille om livet? Der me kunne hjelpe kvarandre til å sett ord på kva som er kvile for oss. Kva med å legge ut store ark litt spreidd rundt. Ha godt med blyantar på lur og gje alle ei oppgåve: kva er KVILE for deg? Bruk eit ord, eller ein/fleire setningar. For dei minste, eller for dei som ikkje likar ord à kan ein teikne svar på oppgåva! Ta tid til å lese opp, og syne fram, det som er skrive og teikna til slutt i preika. (tidsbruk: 15-20 minutter)

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 201: Fra evighet var en skapende Gud

LITURGI

Inngangssalme: Bruk ei av "søndag = kyrkjedag-salmene"! Sei gjerne nokre ord om kvile til å byrje med. At det også er å søke til Gud gjennom kyrkjegang og gudsteneste. Hjå Gud finn me kvile og ny styrke til kvardagen!

Guds signing!

Anne Berit Sunde J