8. søndag etter pinse

1 Mos 1,1-18

OPPHAVET - OG ENDEN

Vi har kanskje møtt born som har spurt om kva som var til før. For hundre år sidan. For tusen år sidan. For millionar av år sidan. Kva var til før jorda? Kva var til før universet? Kva var til før Gud? Og kor var vi før vi vart til? Barnet fører oss til dei mest grunnleggjande spørsmål i tilværet. Desse spørsmåla ligg også i bakgrunnen når vi startar lesinga på Bibelens første blad, slik søndagens tekst gjer. Teksten gjev kanskje ikkje direkte svar på våre "moderne" spørsmål, men viser ei rørsle som vi kan sjå på ulike område:

  1. Frå mørke til lys
  2. Mange av oss prestar gjev foreldra eit dåpslys ved døypefonten. Då siterer vi gjerne Jesus sine ord: "Eg er ljoset for verda. Den som følgjer meg, skal ikkje ferdast i mørker, men ha livsens ljos." Dette er ein fin måte introdusere det kristne livet på.

    Det er ikkje lenge sidan dåpsbarnet vart fødd. Ein fødsel er også eit steg ut i ljoset. Det går nesten an å sjå på nyfødde born korleis dei vert overraska av ljoset som møter dei i denne verda. Ljoset og livet er knytte til kvarandre. Mange har kanskje lagt merke til oppfordringa på mjølkekartongen om å utnytte solljoset for å få nok D-vitamin. Så er det verd å merke at Guds første ord som er kunngjort for menneske er desse: "Det verte ljos". Og sidan går brytinga mellom ljos og mørke som eit tema gjennom heile Bibelen. Heilt fram til den dagen det ikkje lenger skal finnast mørker. For Gud er ljos, i han finst det ikkje mørker.

  3. Frå kaos til orden
  4. Eg har eit par døtrer som har måling som hobby. Og det har av og til slege meg at det skjer noko underleg når fargane vert feste til lerretet. Før målinga starta ligg tubane der ved sida av lerretet. Når måleriet er ferdig er målinga flytta frå tubane til lerretet. Materialet i rommet er akkurat det same. Det nye er at fargane har vorte organiserte i ein ny orden. Fargane har fått ei sjel. Kva er skilnaden på ei trevarelager og eit bibliotek? Skilnaden er at det same materialet har vorte ordna og systematisert på ein ny måte. Den som les første kapitlet i første Mosebok kan ikkje anna enn å verte slegen av gjennomførte systematikk som gjennomsyrer Guds handling. Og når vi går gjennom Bibelen, kva er Guds bod og føresegner anna enn ei god ordning og systematisering av livet vårt. Frå kaos til orden, her ligg grunnlaget for all kultur og alt godt og kultivert liv. Eit liv som har himmelen til mål.

  5. Frå ingenting til alt
  6. Også denne dagen, når desse linjene vert skrivne, skal eg stå på kanten av ei grav, kaste jord på kista og seie. Av jord er du komen. Til jord skal du verte. Av jord skal du atter stå opp. Det er ei enorm spenning mellom dei to siste setningane. Du, den personen som er død i kista, skal verte til jord. Og du, den same personen, skal stå opp. Den som har grave opp ei 50 år gamal grav veit at der er ingen ting anna å finne enn jord. Men likevel held vi fast på at den same personen som er død skal stå opp att. Djupast sett ventar vi at det same skal skje, som hende i opphavet: I opphavet skapte Gud himmelen og jorda (av ingen ting). Og i framtida skal den døde skapast på nytt - av ingen ting. Opphavet og framtida heng saman. Naturleg nok vert andakten i dagens gravferd halden ut frå Openberringa 21 "Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir … Då sa han som sit på kongsstolen: "Sjå, eg gjer alle ting nye!" .. "Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden".

Geir Sørebø