IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

8. søndag etter Pinse

1. Mos 1:1-18

I PREIKA

Har du stoppa opp og lukta på blomstrane i det siste? Tatt eit blad i henda dine og undra deg over kor fantastisk innvikla det er? Kanskje bur du langs kysten, som eg, og har drege inn den gode lukta av salt sjø?

Sjølv om verda vår og naturen kan slå oss ut med dramatiske hendingar, så er det ikkje til å komme forbi at den har mest vakkert å by på. Alle blomane, alle dei fantastiske fjella, fjordar og innsjøar, elver og flatland. Bare ved å kikke ut av vindauga blir eg slått av kor vakkert det er her. Kjenner du nokon som er flinke til å ta naturbilete? Kvifor ikkje invitere til gudstenesta og ha ein liten framsyning!

På søndag skal me lese første del av skapingsforteljinga, den poetiske og vakre teksten som fortel oss korleis Gud skapte og kva han skapte. Det kan vere ulike meiningar om korleis det faktisk skjedde, teksten gjer ikkje svar på alt. Men den gjev oss eit bilde av intensjon og ordning. Gud hadde ein plan bak det han gjorde og han skapte noko nytt. Eg vonar at denne søndagen kan bli ein dag til å glede seg over skaparverket og for å takke for alt det vakre som finst rundt oss. Kanskje skulle me gått ut midt under preika og laga oss kvar vår blomekrans?? Eller ein stor i lag……

Kyrkjerådet har bestemt at me skal ha ein Skaparverkets dag i kyrkjeåret. På kan du lese meir og få nyttige tips til gudstenesta.

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 294

: Gud skapte jorda med blomar og strå

LITURGI

Truvedkjenning

: 1. artikkel. Gud som skapar. Kanskje denne kan lærast utanboks? Bruk gjerne fargerike bilde som hugse hjelp.

God Sommar!

Anne Berit Sunde J