2. søndag etter pinse

1 Tim 6, 6-12

TENK SOM EIN MILLIONÆR - EIT GODT RÅD?

"Tenk som ein millionær". Formuleringa henta frå ein tittel på ei bok som eg har i bokhylla mi. Boka tek utgangspunkt i 10 av verda sine rikaste menn og vil ut frå dei erfaringane dei har gjort presentere dei grunnleggjande prinsippa for korleis ein skal verte rik. Det første grunnleggjande vilkåret er dette: "Tru på at du kan verte rik". Dersom tanken og trua er rett innstilte, vil snart dei handlingane kome som gjer at pengane etter kvart samlar seg opp på kontoen. Men så er spørsmålet: "Er dette eit godt prosjekt?" Er det eit godt råd å tenkje som ein millionær? Bibelteksten frå 1. Timoteus 6 problematiserer dette i høg grad. For denne teksten talar om:

1. Det vonde jaget

Mange har høyrt den greske segna om kong Midas som bad guden Dionysos om at alt det han tok på måtte verte til gull. Midas si bøn vart oppfylt og han vart henrykt over at alt som han rørde ved, stein, møblar, planter vart forvandla til gull. Han forstod at han kunne verte ustyrteleg rik. Problemet melde seg då han skulle ete, også maten han tok på, vart til gull. Vatnet han skulle drikke vart til gull. Kongen heldt på å svelte i hel og måtte trygle gudane om å få sleppe fri den forbanninga som hadde ramma han. I realiteten er denne segna ein genial illustrasjon til det bibelverset som står i dagens søndagstekst: "Dei som vil verta rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slags tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping" (v.9). På denne måten er jaget etter rikdom, det vonde jaget.

2. Den gode striden

I dag når desse orda vert skrivne var eg på ein aldersheim og hadde ei andaktstund. Mot slutten av andakten var det brått ei eldre kvinne nærare hundre år som greip ordet og las høgt utaboks eit gammalt dikt som eg ikkje kunne, om vårt kristne håp. Etter andaktstunda fortalde ho oss om oppveksten sin på ein liten gard der faren kvar søndag samla familien til andakt og korleis dei som var born hadde fått i oppgåve å lese avsnitt frå bibeltekstane i Salmeboka. Mykje hadde ho lært utaboks og kunne enno. Det var ein skatt ho hadde bore med seg gjennom livet. Ho hadde aldri hatt mykje pengar, men hadde levd eit rikt liv og hadde ein alderdom med tru, håp og godt humør. "Strid den gode striden i trua", skriv Paulus (v.12). Det er ein strid med fokus ikkje på pengar, men på rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde. Kvifor er dette ein god strid? Fordi det er ein strid med ein god utgang. Det er ein strid med det evige livet som mål.

3. Gudsfrykt med nøysemd er det avgjerande

For fleire år sidan snakka eg med ei dame frå Filippinane som hadde flytta til Norge og fått seg arbeid her. Ho bruka to timar kvar morgon til frisyre og make-up før ho gjekk på arbeid. For ho ville så gjerne ta seg godt ut. Mange av oss brukar mykje tid på andre ting: bil, båt, klede, sportsutstyr, flotte hus, motar. Vi let oss ofte styre av reklamen, for vi er opptekne av å ta oss godt ut. Djupast sett er det vel menneskefrykten som styrer oss. Og så brukar vi statussymbol som medisin mot menneskefrykten. Paulus vil avsløre at menneskefrykten styrer oss på avvegar. Noko anna er det med gudsfrykten, den styrer oss på den rette vegen. Gudsfrykt vil seie at vi er opptekne av kva Gud tenkjer om oss. I det perspektivet vil vi kanskje oppdage at kvart menneske sitt menneskeverd er like stort. Ikkje hadde vi pengar med oss til verda og ikkje skal vi ta dei med oss herifrå (v.7). Dermed har vi alle rett til den same del av verda sine gode medan vi er her. Då vert gudsfrykt med nøysemd det avgjerande.

Tenk som ein millionær! Mange av oss har følgt det rådet. Nokre har til og med vorte millionærar. Og nettopp difor er teksten for denne søndagen ein viktig tekst. Ein tekst som vil vise oss eit naudsynt korrektiv og hjelpe oss å gå den vegen som fører til det evige livet.

Tenk om det gjekk oss så ille at alt vi kom nær vart til gull!

Geir Sørebø