12. søndag etter pinse

2. Sam 12, 1-9.13

DU ER MANNEN!

Eg er vaksen opp i ei bygd med mange gode forteljarar. Bønder som om kveldane stod på dampskipskaien og fortalde kvarandre gode historier. Historier som ofte berre var halvt sanne, men som gjerne hadde eit godt poeng. Poenget kom ofte overraskande på slutten av forteljinga og skapte gjerne latter, forarging eller anna engasjement. For ein god forteljar når inn til folk sine kjensler og skaper eit engasjement. Profeten Natan var ein slik forteljar. Hans historie om rikingen som overraskande nok lagar lammesteik av det einaste lammet til den fattige, set kong David i harnisk. Men Natan har enno ikkje spela ut sitt siste kort. Når kongen har opna opp for alt sitt raseri, kjem historia sitt siste poeng som ei pil som går rett inn i kongen sitt hjarta: "Du er mannen!" Som i eit lynglimt ser kongen at forteljinga dreiar seg om at han sjølv har lurt til seg kona til Uria og sørga for at Uria fall i krigen. (2 Sam 11). Som reaksjon på Natan si historie har kongen felt dødsdommen over seg sjølv. Denne bibelteksten viser tre ting:

1. Den beste kan falle

"Soknepresten gjorde underslag". Slike avisoverskrifter får folk til å sperre augo opp. Og når ein så les vidare om at ein prest har tilstått å teke fleire hundre tusen kroner frå kyrkjelyden sine fond. Så trur mange nesten ikkje det dei les. Korleis kan det gå an?

I Bibelen finn vi fleire vitnemål om at David var ein mann etter Herrens hjarta (1 Sam 13,14; Apg 13,22). Gud hadde valt han ut til å leie sitt folk. Han var salva til konge. Messias skulle fødast som frelsarkongen i hans ætt. Og likevel gjer altså David seg skuld i det grovaste brot på både Guds vilje og alminneleg rettsoppfatning. Tydelegare kan det ikkje demonstrerast at den beste kan falle.

2. Synda bind

Vi har mange uoppklara mord i vårt samfunn. Korleis har ein uoppdaga drapsmann det? Han må bruke mykje krefter til å passe på at han ikkje avslører seg. Han må vere flink til å lyge dersom han vert avhøyrd. Kanskje var også sjølve drapet ei handling som skulle skjule eit anna brotsverk, f.eks. eit tjuveri eller eit seksuelt overgrep. Eg er viss på at det som skjer er eit menneske som prøver å skjule ei grov synd, berre vert meir og meir innvikla i eit nett som til sist bind personlegdomen og gjer han ufri og forkrøpla. Sjå berre på David. Først bryt seg inn i eit ekteskap og driv hor. Når kvinna så vert gravid, prøver han å skjule det ved å få Uria til å liggje med kona si så fort som mogeleg, slik at Uria kan tru at han sjølv er far til barnet. Når det ikkje går, syter han for at Uria misser livet. Dermed kan ingen vite at Uria ikkje er faren. Den første synda, får kongen til å gjere stadig verre synder. Synda bind.

3. Sanninga frigjer

Det er frykteleg vanskeleg å tilstå. Eg har opplevd å sjå kven som utførte ei kriminell handling og deretter vere til stades i retten. Då er det ei merkeleg oppleving å høyre at den det gjeld blånektar.

David tilstod ikkje i første omgang. Men han vart overrumpla, og då avslørte han seg sjølv. Etter denne avsløringa kjem det ei full tilståing og ei vedkjenning av si synd mot Gud. Til ei klår og fullstendig vedkjenning høyrer ei like klår og fullstendig tilgjeving: "Så har og Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy" (v.13). Dette er ei bibelsk sanning som vert enno meir tydeleg i lys av Jesu soningsdød. Difor kan Johannes skrive så kategorisk: "Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd". Men sanninga må fram. For sanninga frigjer. Når vi opplever at synda bind samvitet vårt og livet vårt, så må vi i høve til Gud og menneske våge å stå fram og seie: "Eg er mannen. Eg er syndaren" Då vil svaret frå Gud vere like tydeleg: "Ja, du er mannen. Du er den tilgjevne syndaren". Sjølv den beste kan falle. Sjølv den som har falle djupast, kan få den komplette tilgjeving.

Geir Sørebø