2. påskedag

2 Kor 5,14-21

DER DET NYE LIVET LEVER

Nokre unge kristne sa til meg for nokre dagar sidan at det var ingen stad dei hadde opplevd slikt drikkepress som i einskilde kristne ungdomsmiljø. Det vert underleg når einskilde kristne så og seie kappast i å leve på linje med det som er gjengs elles i samfunnet. Kva har det då vorte av ideala om å vere lys og salt i verda?

Bibelen talar om at Kristi oppstode er eit vendepunkt for livet. Ikkje berre for Kristi liv. Ikkje berre for det livet som kjem etter døden. Kristi oppstode er eit vendepunkt for det livet som dei kristne skal leve her på denne jorda. Det går ikkje lenger an å leve som om Kristus ikkje var stått opp. Tre hovudtankar finn vi i teksten om korleis den kristne no skal leve:

1. Leve for den oppstadne

Eg veit om ein mann som i mange år har levd for kona si. Ho fekk ein sjukdom som gjorde at ho vart sitjande hjelpelaus i ein rullestol. Han har så langt han har makta stelt for henne. Laga mat til henne. Køyrt henne rundt ute i rullestolen. Kvar einaste dag har på ein måte fått sin dagsorden ut frå kona sitt behov. Mannen har i svært liten grad levd til beste for seg sjølv. Han har levd for kona.

Paulus skriv: "Han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei"(v.15). Kva vil det så i praksis seie å leve for den oppstadne Jesus? Sjølv om det ikkje utan vidare kan setjast opp noko almengyldig skjema for dette, så er det innlysande at det må verte synleg for andre menneske. F.eks. ved at ein feirar oppstodedagen. Det må for ein kristen vere skilnad på laurdag og søndag. Eller ved at ein i kvardagen gjer dei vala som ein trur Jesus ville gjort. Den oppstadne Jesus spurde Peter: "Elskar du meg?" (Joh 21,16) Når vi lever for den oppstadne, må det synast i praksis at vi elskar Jesus.

2. Leve som ein ny skapning

Det var ein ungdom som reiste til byen for å studere. Etter ei tid tok mor til guten seg ein tur til byen og besøkte han på hybelen. Ho kom overraskande utan at han visste om det. Ho vart litt sjokkert over kor rotete han hadde det og enno meir over alt han hadde hengt opp på veggen. Bilete av fotballspelarar, popgrupper og avkledde damer. Mora sa ikkje så mykje. Men då guten hadde fødselsdag, så sende ho han eit stort Jesus-bilete til å ha på veggen. Då ho ein gong seinare vitja guten på hybelen, var veggen heilt annleis. Der hang Jesus-biletet og mykje av det andre var teke ned. "Her har det skjedd ei forandring", sa mora. "Ja, eg tykte det var mangt som ikkje passte saman med Jesus", sa guten.

Paulus skriv: "Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt" (v.17). Etter Jesus Kristi oppstode skal ikkje den kristne berre kunne kle på seg ein fin dåpskjole og ei kvit konfirmantkappe, men han skal ikle seg eit nytt menneske, og korleis dette menneske kjem til synes, skriv Paulus utførleg om, f.eks. i Ef 4,17ff.

3. Leve forsona med Gud

Noko av det som har imponert oss med Sør-Afrika dei siste åra, er viljen til å nå fram til forsoning. Forsoning etter bitter urett, gjev rom for eit nytt liv og von for framtida. Dette har mange av oss erfart også i lokale tilhøve der vi lever.

"Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!" skriv Paulus (v.20). Der menneske pga. av synd og vantru lever i fiendskap med Gud, misser menneske til sist alt framtidshåp og sann livsglede. Men der menneske aktivt gjennom vedkjenning og dagleg omvending legg sine synder fram for Jesus, der skal Jesu forsoningsteneste stadig resultere i nytt liv som fornyar verda.

"Der det nye livet lever, der må planter sette frø, slik som dette livet startet ved at Jesus måtte dø" (Nr 109,4 Salmer 1997).

Der vi let Jesu forsoningsteneste vere verksam, vert vi ein ny skapning som lever for den oppstadne. Noko anna går ikkje an, for "Kristi kjærleik tvingar oss" (v.14).

Geir Sørebø