3. søndag i advent

2 Pet 1,19-21

PROFETORDET STÅR FAST, MEN BLEIKNAR TIL SIST

På Søndagsteksten si hovudside på Internett har eg eit bilete av ein bibel som ligg ved sida av eit brennande ljos. Ved sida av illustrasjonen er det skrive: "Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig". (Sal 119,105) Dette verset betyr noko spesielt for meg, for det er skrive som ei helsing framme i ein bibel som eg fekk av tanta mi då eg var ungdom. Helsinga var ei påminning om at Guds ord er annleis enn alle menneskeord. Versa frå 2. Peters brev går i same ærend. Profetordet gjev eit eineståande ljos over livet vårt. Tre dimensjonar ved profetordet kjem fram i desse versa:

  1. Profetordet sitt guddommelege opphav
  2. Det er noko som til sine tider har irritert meg. Eg kan ha skrive eller uttala noko som eg sjølv meiner er relativt fornuftig om til dømes situasjonen i Den norske kyrkja. Men ingen ser ut til å leggje særleg merke til det eller bry seg om mi meining. Så kan ein biskop eller ein statsråd kome til å seie akkurat det same. Og då vert det store avisoverskrifter. Det kan til og med vere at nokon rosar han fordi han har kome på noko som er så glupt og treffande. Eg har etter kvar forstått at orda får ei anna vekt når dei vert sagde av ein viktig person. Det er i alle høve slik med profetordet. Det vert truverdig fordi det har sitt opphav hos Gud sjølv. Det er truverdig sjølv om ikkje noko menneske kan sjå logikken i det ordet fortel. For det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, det har Gud openberra for oss ved sin Ande (1 Kor 2,9f)

  3. Profetordet sin unike gjerning
  4. Det var eit skip frå den amerikanske marinen som for ein del år sidan var ute i dårleg vær. Det var dårleg sikt og vanskeleg å manøvrere. Då gjev han som står til rors melding til kapteinen om at det er observert eit ljos på sjøen som nærmar seg rett i front. Kapteinen gjev melding over radioen om at møtande skip må leggje om kursen. Han får svar attende at det er han som må forandre kurs. "Nei", svarar kapteinen, "eg har eit stort krigsskip". "Men eg har eit fyrtårn", vart det svara. Det er ikkje lenge mellom kvar gong vi høyrer eit krav om at gamle bibelske sanningar må endrast i ei ny tid. Teologane må leggje om kursen. Både når det gjeld retning for menneskelivet og når det gjeld retning for historia. Har ikkje vi ikkje lært etter kvart at førestillinga om at Jesus skal kome attende, må justerast. Har ikkje kyrkjesamfunna teke feil om dette om att og om att? Teksten i 2 Peters brev seier at profetordet står fast som fyrtårnet og at vår utfordring er å finne ut av kva som verkeleg er skrive og kvar Gud har staka ut kursen. Det er profetordet si unike gjerning å vise ein trygg kurs for historia og mennesket.

  5. Profetordet sitt endemål

Eg har eit hus som ligg åleine i ein mørk dal. Gatelys finst ikkje. Men eg har utelys på hjørnet. Det lyser opp heile tunet og viser veg til parkeringsplassen. Ein kan sjå utelyset på mange kilometers avstand. Men når morgonen kjem og sola viser seg over fjellbrynet, bleiknar uteljoset bort. Det har ingen funksjon lenger. Vi kan nesten ikkje sjå at det er ljos i pæra. Ein dag skal profetordet bleikne. Profetordet skal vise vegen heilt til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar, les vi. Bibelen vert avslutta med Jesus sine ord: "Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna" (Op 22,16). Når Jesus kjem att i all sin herlegdom, treng vi ikkje lenger profetordet til å lyse for oss. For då er vi i det store ljoset. I adventstida er det mange stader tradisjon å kveikje ljos medan ein les profetiar frå Det gamle testamentet om Messias som skulle kome. Betlehemsstjerna, fødselen i stallen og englebodskapen om fred var ikkje profetordet sitt endelege siktemål. Det var i staden utpeikinga av kursen for kyrkjeskipet sin siste etappe. Derfor er vår rette adventssong slik:

Kom herlig som når himlens sol
går opp med gyllen glød,
og ikke som da først du kom
til spott og strid og død! (NoS 19,2)

Geir Sørebø