IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3. søndag i Advent

2. Pet 1:19-21

I PREIKA

Advent handlar om KOMME!

Om han som KOM til oss som eit lite barn i krubba. Om han som KJEM til alle som ropar på han. Og om han som SKAL KOME att og hente oss heim til Gud. (sjå gjerne meir 2. søndag i advent)

Også denne søndagen ser me fram mot at han skal kome att og gjere alle ting nye. Fram til da har me Bibelen, Guds ord. Denne boka skal spreie ljos, slik stjernene gjer det i vindauga nå i adventstida. Men sjølv bibelen skal bleikne, slik ljoset frå stjernene gjer det når sola skin på dei, - den dagen Jesus kjem att. Vis gjerne til vers 16, dette gjev god bakgrunn for teksten. Guds ord er ikkje eventyr, men Peter og dei andre var augnevitne til det som skjedde! Johannes døyparen, som me møter i evangelieteksten, tala profetiske ord om han som skulle kome dei orda var heller ikkje eventyr. Jesus kom til oss menneske, han har lova å koma att!

Pynt gjerne eit bord i midtgangen. Legg ein stor bibel (kanskje med bilder?) på bordet og sett ljos ved sida av. Kanskje kan nokre barn vere med og lese tekstar frå bibelen om ljos som t.d. Sal 119:105.

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 28: Nå tenner vi vår adventskrans

LITURGI

Evangelieprosesjon: Sjølv om preiketeksta er henta frå 2. Peter, vert evangelieteksten lesen. Kva med å lage ein prosesjon, der barn er med og bærer bibelen ned/opp midtgangen les gjerne teksten frå ein annan stad enn vanleg (men hugs mikrofon!). For å markere teksten enda meir kan ein bruke eit Hallelujavers før og etter tekstlesing (sjå melodiar i Salmar 1997)

Guds signing!

Anne Berit Sunde J