4. søndag i faste

5 Mos 8,1-3

STYR DU MIN VANDRING, FRELSER SÅ KJÆR …

I 5 Mosebok møter vi Israelsfolket på vandring gjennom øydemarka mot det lova landet. Gjennom heile kyrkja si historie har det vore menneske som i Israelsfolket si vandring gjennom øydemarka har sett ei slags føregriping av kyrkja si vandring fram mot ein nyskapt himmel og jord. Både i Israelsfolket si vandring og i kyrkja si vandring ser vi noko av dei same trekka.

  1. Eit møte med Guds vilje
  2. Korleis trur det verda hadde vore dersom alle levde etter dei ti boda? spurde eg i ein konfirmanttime. "Då hadde det vore fint å leve på jorda", svara ein av konfirmantane. Han trudde vel at det var det svaret presten ville ha, men eg meiner nok at konfirmantane også hadde tru på det gode med eit liv etter Guds vilje.

    For ikkje lenge sidan observerte eg nokre avisinnlegg som stilte spørsmål med om dei 10 boda er den beste rettesnor for livet, og i USA pågår det ein debatt om dei 10 boda skal kunne henge på veggen i eit klasserom på skulen. Dei 10 boda si form har alltid vore i diskutert, men dersom vi sluttar å spørje etter Guds vilje med våre liv, så har vi eit problem på vandringa mot det lova landet. "Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda", seier Moses til folket. "Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil", sa Jesus. (Matt 7, 21) På vandringa gjennom livet fram mot det evige målet er Guds vilje ei like uvurderleg hjelp som fyrtårnet for båten på havet i mørket.

  3. Eit møte med Guds audmjuking
  4. For litt sidan kjøpte eg eit nummer av vekemagasinet Newsweek fordi det på framsida hadde eit stort bilete av Paven med tekste: The Pope's Pain. John Paul's suffering and what it means for the Catholic Faith. - Paven sin smerte. Johannes Paul si liding og kva dette har å seie for den katolske trua. I artikkelen vert det vist til at paven i 1994 hadde uttala at han hadde høyrt Gud seie at han skulle leie kyrkja på ein ny måte: "Paven må lide slik at kvar familie og heile verda skal sjå at det er, vil eg seie, eit høgre evangelium, lidinga sitt evangelium, som ein må møte framtida med". Lidinga er slik sett ikkje uttrykk for Guds straff. Kan ein møte lidinga med kjærleik, så kan nettopp lidinga føre oss eit steg nærare Gud. "Krossen er ikkje noko kristne berre skal henge på veggen", som ein kjend katolsk prest sa. Moses seier til folket: "Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmjuka deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt … Han audmykte deg og let deg svelta".

    Menneske grublar stadig på tilhøvet mellom eigen liding og Guds straff. I ei eller anna form får vi alle før eller seinare kjenne lidinga sin smerte, liding er ein del av livet. Det er ikkje Guds vilje å straffe oss, men det kan vere konstruktivt å sjå lidinga som ein del av Guds audmjuking av oss. Og audmjukinga er ein del av hans gode pedagogikk for å leie oss på vegen til det evige livet, liksom han leia Israel gjennom øydemarka til det lova landet.

  5. Eit møte med Guds frigjerande ord
  6. For litt sidan høyrde eg ei historie om ein prest som hadde eit tomt fuglebur med seg på preikestolen. Han fortalde at han hadde møtt ein ungdom med eit par småfuglar i dette buret, og då presten hadde spurt kva ungdommen skulle med fuglane, så hadde han svara at han skulle ha litt moro med dei og så gje dei til katten. Presten hadde så tilbode ungdomen 100 kroner for buret og fuglane, noko ungdomen hadde akseptert. Deretter hadde presten teke buret med seg i parken og slept fuglane fri. Presten si preike den søndagen var ei preike om korleis Jesus har kjøpt oss menneske fri frå vårt jordiske fangeskap. Vi er i utgangspunktet i den vonde sitt fangenskap, men Jesus har kjøpt oss fri med sitt liv som innsats.

    "Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvar ord som kjem frå Herrens munn", sa Moses til Israelsfolket. Jesus repeterte dette sitatet i møtet med djevelen (Matt 4,4). Kvifor er Ordet frå Guds munn så eineståande? Fordi det djupast sett er Ordet som frigjer oss menneske frå djevelens grep. Det er ordet om Guds kjærleik til syndarar og bodskapet om korleis vi vart kjøpte fri gjennom Hans einborne Son sin liding og død.

    Geir Sørebø