IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

4. søndag i Faste

5. Mos 8:1-3

I PREIKA

Korleis er livet når ting er godt?? Teksten fortel oss at ting er gode når me held boda, da vert livet ikkje berre godt for oss, men og for menneska rundt oss. Gud let israels-folket vandre i øydemarka i 40 år, han ville lære dei å stole på han først og at dei skulle velge å leve livet sitt slik han gav bod om. Nett som foreldre ofte gjer, så låg Guds omsorg i rammene og reglane han sette. Nett som foreldre ofte gjer, så var det ikkje rammer og reglar aleine, men også omsorg og varme. Folket fekk mat av Gud, manna, slik at dei fekk ete seg mette – sjølv der det var vanskeleg å finne mat å nære seg av.

Kva har dei 10 boda å seie i dag?? Del i grupper (eller la deler av kyrkjelyden jobbe med dette på førehand – slik at dei kan framføre på gudstenesta) – der kvar gruppe jobbar med eit bod eller nokre bod, med oppdraget: Kva tyder dette for oss i dag? Avslutt med oppsummering av gruppene, samt nokre tankar om bibelen som mat i kristenlivet. (jamf. Liturgibiten..)

EI SALME

Norske Salmebok nr. 789: Alle vender augo sine til deg

LITURGI

Bibelen: Menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem ut av Guds munn. Sett fokus på Bibelen som mat, gjennom prosesjon eller lesing av fleire bibeltekstar etter kvarandre….

Guds signing!

Anne Berit Sunde J