4. søndag i faste
Joh 6,24-36

Brød nok for alle



Då sa dei til han: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera? Jesus svara: "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt" ...."Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta"

Eg kjem aldri til å gløyme denne teksten frå Johannesevangeliet. Det var ein gong i min ungdom. Eg sat ved sjukesenga til ein nær kjenning. Han var alvorleg sjuk, og eg visste at han ikkje hadde så lenge att å leve. Kva kunne eg gjere for han?. Kva kunne eg gje han?

Han hadde aldri sagt noko om kva han trudde om Gud. Eg ville så gjerne gje han eit håp gjennom sjukdommen. Eg hadde Bibelen i veska mi. Etter ei stund tok eg til meg det eg hadde av mot og sa: "Har du noko i mot at eg les litt frå Bibelen?" Nei, han hadde ikkje det. Med skjelvande hender opna eg Bibelen, og blikket mitt datt rett ned på dette spørsmålet som står i søndagsteksten: "Då sa dei til han: Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjere? Jesus svara: Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt".

Så levande og aktuelt kan Guds ord vere.

Du har sikkert stilt spørsmålet mang ein gong: Er min kristendom tilstrekkeleg? Har eg gjort nok for Guds rike? Har eg levd tilstrekkeleg etter Guds vilje? Har eg vist nok kjærleik mot mine medmenneske? Har eg fortalt andre om Jesus slik han ynskte? Er eg eigentleg kristen - nok? Dette alvorlege og livsviktige spørsmålet har iallfall ramma meg. Mange gonger.

Og svaret vert alltid: Nei! Eg har ikkje betalt nok for meg.

Karsten Isaksen fortel ein stad om ei oppleving han ein gong hadde ved nattverdbordet. Han delte ut brødet og kom til ei gammal kone som knelte på altarringen og kanskje var litt desorientert, og i det ho tok i mot brødet, famla ho etter handveska og spurde: "Kor mykje kostar det"? Karsten Isaksen seier at i forsfjamsinga greidde han å finne det einaste rette svaret: "Ingen ting. Det er alt ein som har betalt".

"Eg er livsens brød", sa Jesus. "Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta".

Så er og blir dette sentrum i vår kristendom: Vi skal dagleg ved vår tru få ta imot det vi treng for kristenlivet av han som har betalt alt for oss.

Geir Sørebø