Søndag før faste

Luk 18,31-43

DET ER TO MÅTAR Å VERE BLIND PÅ....

Den første måten å vere blind på høyrer vi om i teksten sin første del. Jesus tek dei tolv læresveinane til sides og forklarar dei kva som skal hende med han i Jerusalem. I følgje Lukas er det tredje gongen Jesus underviser dei om dette. Han forklarar korleis han skal lide og døy og oppstå, men det står: Dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei.

Ingen av læresveinane var fysisk blinde, men på dette tidspunktet var dei åndeleg blinde. Dei greidde ikkje å få auga på det som Jesus eigentleg var komen til jorda for. Dei såg Jesus med sine auge, dei såg undera han gjorde, dei høyrde orda han sa, og likevel var dei åndeleg blinde.

Den andre måten å vere blind på høyrer vi om i teksten sin andre del. Ein tiggar ved vegen er fysisk blind. Han kan ikkje sjå Jesus med augo sine. Men likevel har han syn for Jesus. Han har syn for kva Jesus kan gjere for han. Han ropar på Jesus i si naud. Han opplever korleis Jesus hjelper han. Han får høyre Jesus sine ord. Trua di har frelst deg. Og han prisar Gud openlyst for alt folket.

Teksten fortel altså om dei sjåande som ikkje ser og om den blinde som har syn for det vesentlege.

Slik er det vel i dag også:

Det finst mange skarpsynte menneske som manglar åndeleg syn.

Det finst mange svaksynte som har eit utruleg åndeleg skarpsyn.

Kva er så verst:

Å leve i mørkret i nokre år og så få sjå det store ljoset.

eller

Å sjå ljoset kvar dag og så til sist ende i mørkret?

Geir Sørebø