Helgetorsdag
Apg 1,1-11

USYNLEG KRAFT

Vi har det siste århundret levd i ei materialistisk tid. Vi har vorte innpoda med den oppfatning at det berre er det synlege som er reelt. Eller det som kan registrerast og målast med eitt eller anna slags instrument. Det som i teorien ikkje kan vitskapleg etterprøvast, det finst ikkje. Som motvekt til dette synet er det fint å ha Helgetorsdag sine bibeltekstar. For teksten frå Apostelgjerningane viser oss saman med dei andre tekstane for dagen:

1. Jesus vart usynleg

Eg såg for litt sidan ein svært kort bokomtale skriven av ein tiåring. Bokomtalen lydde slik: "Boka handler om en jente som blir usynlig. Hun heter Malin. Det var ikke noe morsomt for Malin å være usynlig. Boka er for 6 åringer. Jeg synes den var kjedelig!" Vesen som er eller vert usynlege er eit ynda tema i barnelitteraturen, og dei fleste av oss kjenner sikkert til hatten i Mumidalen som gjer alle usynlege. Eller til Albert Åberg sin usynlege venn Shybert, eller Kari Vinje si bok om den usynlege vennen. I barnet si verd er det ikkje så skarpe grenser mellom det synlege og det usynlege. Ein usynleg ven kan vere nesten like verkeleg som ein synleg. Nokre vil seie at barnet si førestillingsverd er primitiv. Men er det så sikkert? Det er jo nett det Bibelen mange gonger talar om at det er ein usynleg røyndom, som er like verkeleg, ja, meir verkeleg enn den synlege, 2 Kor 4,18. Og at den usynlege verda er like så mykje skapt av Gud som den synlege, Kol 1,15f.

"Ei sky tok han bort for augo deira", står det i teksten vår. Jesus vart usynleg. Han hadde etter oppstoda gått ut og inn i den usynlege verda. No vert han usynleg heilt til den dagen han kjem att for å døme levande og døde.

2. Jesus vert til stades over alt

Eg gløymer ikkje det vesle planetsystemet vi hadde på folkeskulen. Som tiåring såg eg med store auge på då læraren sveiva og fekk jorda til å svive rundt seg sjølv samstundes som ho gjekk rundt sola medan månen gjekk rundt jorda. Og så tok læraren ei appelsin i handa og demonstrerte korleis ein av dei andre planetane i solsystemet også snurra rundt. Alt då såg eg det absurde i å førestelle seg at Jesus ved himmelfarten for "oppover" til ein himmelplass "over" jorda. For i eit system der alt svirra rundt og rundt, så eksisterte det ikkje noko "over" eller "under".

Ein god kommentar til himmelfarshendinga gjev Paulus i Ef 1,10: "Han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt". Etter himmelfarten fyller Jesus alt, dvs. han er til stades over alt. Han har lagt av sin tenar-skapnad. Han har teke i bruk sine guddommelege eigenskapar. Dei som han hadde frå opphavet av. Difor finst det etter himmelfartsdagen ikkje den krok i universet der Jesus ikkje er som usynleg Gud og menneske.

At Jesus vert usynleg, vil ikkje seie at han vert borte. Nei, det betyr akkurat det motsette. Det betyr at Jesus vert nærverande alle stader på ein gong.

Dette er Kristi himmelfart sitt under. Jesus har sagt at han er til stades når vi samlast i hans namn. Kvar det så enn er. Same kor mange det enn er som samlast på ulike plassar.

3. Jesus si kraft er over alt.

At Jesus vart usynleg for læresveinane, betydde ikkje at Jesus si kraft var borte. Jesus skulle ikkje vere usynleg til stades hjå alle menneske som ein ide eller som eit makteslaust minne. Nei, tvert om. Det som hende Kristi himmelfartsdag skulle føre til at Jesus si kraft på ein ny måte skulle verke på alle menneske. Kva var det Jesus sa til dei som var samla, før han vart usynleg for dei: "Når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar". Altså: Jesus vert usynleg, men ei kraft spreier seg over alle land og rike. Jesus si kraft. Vi les av og til om i avisene at det er eit menneske som har vore plaga av stoffmisbruk i mange år, eit menneske som ein ikkje kunne fleire behandlingsformer til, som så fekk ei levande tru på Jesus og fekk ei kraft til å overvinne kreftene som batt det. Dette er noko som dei fleste menneske veit om og kjenner til. "No er det snart berre ei skikkeleg omvending til Gud som kan berge han", var det nokre i ein familie som sa til meg ein gong. Det er noko som vi er altfor lite opptekne av. I kristentrua vår er det ei uendeleg kraft som er sterk nok til å forandre heile livet vårt. Ja, heile vårt evig liv. Kristi himmelfart sitt under.

Geir Sørebø