Pinsedag

Agp 2,1-11

KLÅR TALE

Pinseunderet er ikkje minst eit taleunder. Det høyrer med til barnelærdommen at læresveinane på pinsedag fekk Den Heilage Ande og tok til å tale i tunger. Vi tenkjer gjerne at tungetale er uforståeleg tale. I så fall er det akkurat det motsette som hende i Jerusalem. I Jerusalem vart den babelske forvirring som vi les om i 1 Mos 11,9 overvunnen. Det store underet er at menneske frå alle kantar av verda vart samla om evangeliet og at dei kunne forstå Ordet om Jesus som eit ord til seg. Tungetalen på pinsedag har tre trekk:

1. Tale ved Anden

Ein gong medan eg gjekk på gymnaset vart eg spurd om eg same kvelden kunne reise til eit årsmøte i eit mållag i Bergen og halde festtalen. Talaren hadde vorte sjuk. Det skulle vere ei enkel oppgåve, for den sjuke talaren hadde eit maskinskrive manuskript som eg skulle få låne. Eg tok mot utfordringa og gjer så godt eg kunne. Men det var ei litt underleg kjensle for ein 17-åring å entre talarstolen og halde ein glødande tale om eit emne som hadde svært lite peiling på. Men i ettertid har eg oppdaga at det er mange betydelege personar i det offentlege liv som framfører eit manus som dei har fått av ein annan.

Og etter den første pinsedag må alle forkynnarar - anten det er i heim eller kyrkje - ha dette i tankane. Forkynninga skal ikkje sugast av eige bryst. Forkynnaren skal gå ut frå eit manus som er gjeve han. Det heiter om læresveinane: "Då var dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna" (v.4) Framgangsmåten kan vel vere noko ulik frå person til person, men alle som vitnar, held ein andakt, ei preike skal heldigvis sleppe å finne opp krutet kvar gong. Å forkynne er å bere fram noko som Anden har gjeve ein ved Ordet.

2. Tale med adresse

For nokre år sidan var det ein teikneseriefigur i mange aviser som heitte Dennis. Eg ser for meg ein teiking av Dennis og faren i kyrkjebenken medan presten står på preikestolen. Dennis får faren til å rødme då han utbryt høgt: "Presten talar om deg, pappa!" Det var truleg ei god preike. For orda hadde adresse. Kva er poenget når bibelteksten for pinsedag ramsar opp ei rekke konkrete, namngjevne folkeslag? Dette heng saman med at no vert evangeliet retta til spesielle adresser. Då Peter hadde halde sin store pinsetale, les vi om reaksjonen hos tilhøyrarane: "Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: "Kva skal vi gjera, brør?" (Apg 2,37). Har vi ikkje alle opplevd dette når vi har hørt Guds ord forkynt? Stikket i hjarta som seier oss: "No siktar Den Heilage Ande rett på meg!" Forkynnaren har gjeve ordet ei adresse.

3. Tale om Guds storverk

Eg minnest ein predikant som eg høyrde for mange år sidan. Han var så intens. Eg har enno eit bilete på netthinna av ein middelaldrande mann som talte så sveitten rann, han kasta etter kvart jakka, han sprang ned frå talarstolen og vandra langs midtgangen medan han tala og understreka sine ord med sterke armbevegelsar. Det underlege er at så tydeleg eg enn hugsar mannen, så hugsar eg ikkje noko av bodskapen. Kor ofte kjem ikkje våre eigne storverk til å stå i sentrum når vi talar! Men dei vert fort gløymde. Den Heilage Ande vil peike på Guds storverk. Og først og fremst det Guds storverk som hende då Jesus stod opp frå dei døde. Det var dette som gjorde eit ugløymande inntrykk i Jerusalem då Peter og dei andre apostlane talte. Folk utbraut: "Vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!" (v.11)

Første pinsedag sin tungetale må vi alle streve etter. Det er ein tale som er inspirert av Den Heilage Ande. Det er ein tale som har adresse. Det ein tale som viser klårt Guds storverk slik dei er bevitna i Bibelen. Det er ein tale som alle skjønar anten ein kjem frå sør eller nord, frå det eine eller andre samfunnslag. Med andre ord: Klår tale.

God pinse!

Geir Sørebø