2. pinsedag

Apg 2,42-47

BØN OG BIBEL OG EIT PAR TIL

Det går ei historie om ein prest eg kjende. Han heldt som regel preikene sine utan noko utarbeidd manuskript, og han var i tillegg ein frittalande mann som ikkje alltid vog sine ord på gullvekt. Ein søndag då han stod på preikestolen, fall orda omtrent slik: "Ja, så veit de at vi har dei fire B-ane. Desse fire viktige pillarane i vårt kristenliv. Det er BØN OG BIBEL OG... OG.. ja, så var det visst eit par til".

Eigentleg er denne historie avslørande. Presten kunne ikkje i farten kome på brødsbrytinga og brorsamfunnet. Og slik er det ofte med oss kristne. Vi gløymer brødsbrytinga og brorsamfunnet. "Med bøn og bibel vert allting godt", står det i salmen (NoS 750). Men brukar vi teksten for denne dagen som utgangspunkt, så er det noko svært vesentleg som manglar dersom vi berre lever som isolerte einskiltkristne med bøn og bibel som kjelder for kristenlivet. Teksten vi er gjevne denne 2. pinsedag er eit direkte framhald av det som hende pinsedag då Anden vart utrend og 3000 menneske vende om. Konsekvensen av dette var:

1. Eit nytt trus-fellesskap

Kona mi og eg hadde vore til stades på ei ortodoks gudsteneste i ein by i Romania. Etter at gudstenesta var slutt gjekk eg fram i kyrkja der presten stod og heldt på leggje saman bøkene sine. Eg helste på han. Han helste venleg attende. Eg fortalde at eg var prest i Norge. "Ja, vel", sa han, "du er vel katolikk då?" Nei, eg svara som sant var at eg var luthersk prest. "Ååå..", sa han, dermed snudde han seg og gjekk. Eg må innrømme at eg vart litt såra. Det blir eg også når menneske i vårt land snur seg og går ein annan veg. Og no tenkjer eg ikkje på menneske som manglar kristentrua. Men eg tenkjer på bevisste kristne menneske som lagar seg eit nytt lite fellesskap eller som lever som isolerte kristne. For denne rørsla bort frå fellesskapet er ei rørsle i motsett retning av det som hende etter den første pinse. "Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag ... Dei heldt saman og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen".

Bibelen seier at bygginga av Babels tårn enda med at menneskeslekta vart splitta. Pinsa skulle vere Guds store reparasjon av denne splittinga. Alle truande skulle samlast i eitt folk.

2. Eit nytt måltids-fellesskap

Fødselskyrkja i Betlehem er ein underleg plass. Her stridast fleire av dei store kyrkjesamfunna om retten til å vere til stades. Det har utarta til ein millimeter-krig der dei ulike samfunna sitt arealkrav er omhyggjeleg definert, og der ein t.d. kan ha store diskusjonar om kva for eit kyrkjesamfunn som har rett til å vaske fire kvadratmeter golv. Sett utafrå er dette både ein stor komedie og ein djup tragedie. Det er paradoksalt nok på ein sentral Jesus-stad at splittinga vert mest tydeleg. Då Anden var utrend på pinsedag, samla dei truande seg til eit nytt nattverdsfellesskap. "I heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede". Paulus understrekar seinare at fordi det berre er eitt brød i nattverden, så er dei kristne difor også per definisjon ein lekam (1 Kor 10,17). Når Den heilage Ande samlar alle truande til eitt folk, så skulle dette ikkje mist verte synleg ved nattverdsbordet. Her skulle Paulus sine ord vere retningsgjevande: "Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, ein Herre, ei tru ..." (Ef 4,3ff).

3. Eit nytt bøne-fellesskap

Kyrkjelyden heldt trutt fast ved bønene (v.42) og dei samla seg trufast på tempelplassen (v.46). Formuleringane her viser at ikkje berre at dei første kristne bad. Men at dei kom saman for å be og at dei hadde rutinar som inneheldt faste bøner og faste bønetider.

Ja, vi ser ein nær samanheng mellom bøne-fellesskap, åndsfylde, einskap i tru og liv - og frimodig vitnemål om Jesus (Apg 4,31f).

Det var ein kyrkjelyd som hadde opplevd stor vokster. Eg spurde ein av prestane der kva dei hadde gjort for å oppnå slik åndeleg vokster. Han sa: Det begynte med at ein del av oss kom saman for å be. Etter ei tid var det enno fleire som ville vere med å be. Bøne-fellesskapet voks. Og kyrkjelyden voks.

Mange stader er kyrkja vår og dei kristne delte opp i serflokkar (1 Kor 11,19). Det må vere eit overordna mål at alle serflokkar kan samlast i det eine Guds folk. Eg har med utgangspunkt i pinsa sine tekstar stor tru på at vegen å gå er å samle folk frå ulike serflokkar til eit nytt bøne-fellesskap.

Då menneska ville byggje eit tårn til himmelen, vart konsekvensen at dei vart splitta og tok til å tale ulike tungemål. Lat oss ha tru på pinsa sitt under som tilseier at det norske kristenfolket ved Den heilage Ande kunne verte samla til eitt folk med eitt tungemål synlegjort i eit nytt trus-fellesskap, eit nytt måltids-fellesskap og eit nytt bøne-fellesskap.

Geir Sørebø