IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

10. søndag etter Pinse

Apg 20:17-24

I PREIKA

GUDS NÅDE TIL FOLKET, KOSTE KVA DET VIL! Ut frå teksten, ser det ut til at dette er mottoet til Paulus. Han er redd for at det skal skje vanskelege og vonde ting i den reisa han har framføre seg men han reiser likevel. Evangeliet om Guds nåde og omsorg må ut til folket!

Hjelp barna til å få tak i kven Paulus er. Sei litt om kva som skjedde da han vart kristen, om kva for bakrunn han hadde. Fortel om reisene hans, og trekk fram ein eller to av dei spesielle hendingane på turane hans. Dersom det er mogleg bør ein "gjere" reisene på kartet. Og teikne strek etter kvart som ein fortel.

Og nå etter fleire reiser rundt om, er han på veg tilbake til Jerusalem. Han er redd for å bli fengsla (noko han også blir!) og har samla dei eldste i Efesos for å seie nokre siste ord. Men orda handlar ikkje fyrst og fremst om at han er redd. Dei handlar om kor viktig det er at han får fortalt til enda fleire: At Gud er så glad i dei at han sendte Jesus til jorda! JOH 3:16

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 159: Thuma mina (Send meg, Gud)

LITURGI

Forbøn: Be for misjonærar som vil fortelje om Guds nåde til alle. Og for menneske som lever og trur, der det ikkje er lov å vere kristen.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J