9. søndag etter pinse

Apg 20,24-32

"Takk at din kirke aldri sover!"

(NoS 818,2)

Telefonen på soverommet mitt ringde kl 2 om natta. Det var ein mann som ville snakke med presten om sine livsproblem. Ved slutten av den ca. ein halv times lange samtalen beklaga han sterkt at han hadde vekt meg. Eg prøvde å seie til han at det skulle han ikkje ha dårleg samvit for. Han hadde hatt det vanskeleg, og i vanskar skal ein kunne få oppleve det som vi stadig syng: Takk at din kirke aldri sover!

Søndagsteksten er eit utdrag at Paulus sin avskilstale til leiarane for kyrkjelyden i Efesos. Den tredje misjonsreisa går mot slutten. I over to år hadde han verka i Efesos og no kjem den siste rettleiing til leiarane som skal føre kristenarven vidare etter hans førebilete. I Paulus sine formaningar finn vi tre sentrale punkt:

  1. Ver hyrdingar

For litt sidan kom eg køyrande rundt eit gatehjørne i ein av småbyane våre. Der på fortauet kom ein heil flokk med småborn i tre-fire års alderen. Heile barnehagen på bytur med ei barnehagetante føre og ei bak. Eg stod med ein gong på bremsa og snegla meg forbi. Det såg ut som ein farefull vandretur. Men desse to barnehagetantene var nok gode hyrdingar med god kjennskap til flokken sin og hadde ei klar rute som dei skulle gå. Når Paulus formanar leiarane: "Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod!", så seier han at kyrkjelyden er dyrekjøpt og treng leiarar som viser merksemd og omsorg og som har klare tankar som kva som er kyrkjelyden sitt mål. Like mykje som ei barnehagetante på bytur med sin flokk. Ofte kjem ein i kyrkja ut i ein diskusjon om hyrde er eit eigna ord i dag og kven som skal vere hyrde, Men dette må ikkje forkvakle saka. Kristne har fått ulike ansvarsområde. Foreldre har ansvar for sin born. Fadrar for sine fadderborn. Søndagsskulelærar for sine søndagsskuleelvar. Presten for heile kyrkjelyden. Paulus si påminning gjeld på ein eller annan måte alle.

  1. Ver vaktmenn

Då vi reiste på ferie i år, tok vi med oss kattemor i bilen saman med den eine nyfødde kattungen. Vi skulle vere heile sommaren på garden vår og meinte kattane ville ha det bra der. Det første som skjedde var at kattemor jaga vekk alle villkattar som for og streifa på garden. Dei første nettene vart det eit forferdeleg spetakkel rundt huset og ville slåstkampar, men etter nokre dagar forsvant alle villkattar. Kattemor vakta ungen sin natt og dag og det var klar beskjed til alle villkattar om å halde seg på avstand.

Nokre ryggar kanskje attende for å nytte dette biletet i samband med kyrkjelyden. Ein vil seie at slåsting og forsvaring av eige revir nettopp har vore til skade for kyrkja. Men då må vi sjå kva det gjeld når Paulus i teksten talar om ulvar som øydelegg flokken og menn som fer med vrang lære. Det gjeld ikkje noko mindre enn bevaring av evangeliet (Gal 1,9) og den ånd som vedkjenner seg Jesus (1 Joh 4,3). For desse grunnleggjande verdiane byd Paulus oss stadig å vere vaktmenn.

  1. Ver vakne

Ein av dei siste kommentarane til Apostegjerningane (Kai Kjær-Hansen) har som illustrasjon til kap. 20 eit bilete av ABBAs døgnåpne kiosk - som altså sel pølser og brus døgnet rundt. Jesus kallar jo den himmelske Far for Abba. Han har også døgnopent. Kyrkja skulle avspegle dette i ei kontinuerleg omsorg for Guds born. Kirkens SOS og Kirkens Bymisjon er gode eksempel på dette. Men mange stader og på mange område har vi eit stykke att før vi lever i samsvar med Paulus sine ord: "Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein".

"Takk at din kirke aldri sover!" Det høyrer med til kyrkja sitt vesen å vere døgntilgjengeleg, for vi har ein Gud som aldri søv og som aldri slepper oss med augo. Og likevel - vi har i våre lokale kyrkjelydar ein del steg å gå før vi etter Paulus sine ord kan vere vakne, vere vaktmenn - ja, vere rette hyrdingar for Guds hjord!

Geir Sørebø