IDEAR  FOR BORN I GUDSTENESTA

 

9. søndag etter Pinse

Apg. 20:24-32

 

I PREIKA

Kva med å lage eit lite bli-kjent-kurs med Paulus, kven var han eigentleg? Kva var det han hadde fortalt?? Korleis vart han kristen? Fortel kort om reisene hans. Det var sant at han så ofte som han kunne fortalde om Jesus. For å ha nokre visuelle knaggar kan ein teikne/kopiere bilde (av viktige hendingar i livet hans) og bruke flippover el. overhead e.l.

Nå er han på veg til Jerusalem, og han trur at han kan bli kasta i fengsel der (det vart han også). Han hadde sendt bod etter dei eldste i Efesos for å seie nokre siste ord. Han ber dei hugse vel på alt han har lært dei slik at dei kan passe seg for dei som ikkje vil dei vel. Som leiarar skulle dei også sjå til dei andre kristne i byen, og leie dei utanom fare. Så overlet Paulus dei alle i Guds omsorg og nåde. Det er der dei og me er trygge.

 

EI SALME

Salmer 1997  nr. 174 Thuma mina  (Send meg)

 

LITURGI

Truvedkjenniga            Kva trur me på? Kva er det me skal halde fast ved? Truvedkjenninga hjelper oss til å hugse. Lag tre bilde som illustrerer kvar av ”overskriftene”. (Eg trur på Gud Fader…, Jesus Kristus…., Den Heilage Ande…) Hald dei oppe medan vedkjenninga vert lesen.

 

  God sommar!!  

Anne Berit J