Nyårsdag

Apg 4,8-12

I JESU NAVN SKAL ALL VÅR GJERNING SKJE ...

Eit minne frå tida mi som student og lærar på Menighetsfakultetet er den festen som kvart semester opna med. Kvart halvår tok til med ei høgtideleg samling med tale, song og bøn. Og då song vi alltid salme nr.1 i Landstads reviderte salmebok: I Jesu navn skal all vår gjerning skje. Det var ein fin måte å starte eit nytt arbeidssemester på. Slik er det også fint å byrje eit nytt år. Og i kyrkja er det fastsett at Bibeltekstane på nyårsdag skal dreie seg nettopp om Jesu namn. Teksten som er henta frå Apg 4, viser tre konsekvensar av å leve og arbeide i Jesu namn:

1. Fullmakt i Jesu namn

I samfunnet vil du ofte utan vidare akseptere at ein person handlar med fullmakt frå ein høgre instans. Når eg køyrer bil inn i ein av dei større byane, må eg passere ein stasjon der det sit ein person og krev inn bompengar. Eg aksepterer prisen utan å diskutere, for eg veit personen sit der med fullmakt frå ein høgre instans. I forkant av det avsnittet som er preiketekst nyårsdag, høyrer vi at Peter hadde lækt ein lam mann. Han og Johannes tala til folket i Jerusalem om Jesu død og oppstode og Jesu kraft. For dette vart dei fengsla. Dei vart forhøyrde av øvstepresten og hans råd og spurde: "Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?" (4,7). Peter gjer det klårt for presteskapet at han verkar med den fullmakt han har i Jesu namn (jfr. 3,6.16). For alle som vil arbeide for Guds rike i kyrkjelyd og organisasjon, skal ein kunne forvente store ting i eit nytt år når ein nyttar den fullmakt som ein har i Jesu namn.

2. Frisk i Jesu namn

Eg minnest frå min ungdom ein frikyrkjepastor som i Jesu namn og Den Heilage Andes kraft hevda at han kunne springe 100 m langt ned på 10-talet. No når eg ein dag såg på eit renn i den tysk-austerikske hoppveka, la eg merke til korleis fleire hopparar gjorde krossteiknet over brystet før dei sette utfor. Dei starta i Jesu namn. I gamle dagar så var det visst bønder som tok av seg lua og sa: "I Jesu namn" før dei sådde kornet ut over åkeren. I Johannesprologen som vi las første juledag, heiter det jo at alt vart til ved Jesus ... Og: "I han var liv, og livet var ljoset for menneska" (Joh 1,3f). Når Jesus er medverkande i skapinga, så må vi tru at han kan skape liv og bevare liv hjå sine vener også i dag. Og det var jo det Peter vitna om i Jerusalem: "Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus"(4,10). Og i Jakobs brev vert det seinare skrive at ein sjuk skal salvast med olje i Herrens namn (Jak 5,14). Då skal Herren reisa han opp.

Helse og liv er ikkje Jesus uvedkommande. Eit ekte arbeid i Jesus namn skal vere eit arbeid som nettopp skaper nytt liv og betre helse mellom menneske.

3. Frelst i Jesu namn

Ungdomsmiljø skaper ofte nye formuleringar og omgrep. Eit slikt nytt omgrep er "Jesus-faktor". Nokre ungdommar var på leiting etter eit kristent fellesskap. Og dei sa at dei ville gjerne ha eit miljø med høg Jesus-faktor. Vi eldre ville gjerne sagt at dei ville ha eit miljø der Jesu namn stod i sentrum. Det er mange namn innafor det religiøse felt. Det er mange slags samanslutningar. Det er mange slags arbeid og engasjement. Mykje er sikkert godt og positivt, og det er bra at vi kan samarbeide på tvers av grenser og vise toleranse. Men dette produserer ikkje fleire vegar til himmelen. Derfor er det flott at det er unge menneske som vil satse på Jesus-namnet, for Peter seier: "det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelst ved" (4,12). Lat oss ikkje gøyme bort Jesus-namnet i det nye året som vi no går inn i. Lat oss medverke til at vi får eit år med høg Jesus-faktor.

Lat oss i alle høve i kyrkja vere medvetne om at vi skal stå fram med den fullmakt som Jesu namn gjev for å kunne gje folket vårt helse og frelse.

I Jesu namn skal all vår gjerning skje ... Måtte vi alle verte fornya i eit nytt år!

Geir Sørebø