20. søndag etter pinse

Ef 4,22-28

DEN STORE SKILNADEN

Ein prestekollega av meg fortalde at han for ein del år sidan var på ein kristen ungdomsleir der ein på ei samling sat og snakka saman om kristenlivet. Ein kom inn på dette emnet: "Kva skilnad er det så på ein kristen og ein som ikkje er kristen?" Då er det at ein av dei kristne ungdomane seier: "Det er ingen skilnad! Og det er det som er det fine. Det er ingen skilnad på den kristne og dei andre. Vel, den kristne har ei spesiell tru, det er så, men elles er alt likt, heldigvis". Det er mange som talar som denne ungdomen. Av og til gjer media det same. Men Paulus talar heilt annleis. Han seier at det er ein så stor skilnad at det er som ulikskapen mellom eit gammalt og eit nytt menneske. Han nemner tre eksempel på korleis dette skal vise seg i praksis:

1. Lyg ikkje

For ein del år sidan var det ein ung kristen mann som fortalde meg at han ein søndag morgon hadde køyrt gjennom byen i nokså folketomme gater. Han var litt seint ute for å nå eitt eller anna, så han hadde køyrt langt over fartsgrensa. Brått hadde han oppdaga ein politibil bak seg. Politibilen køyrde forbi han og stoppa han. Politimannen påstod at han hadde køyrt i 75 km/t i 50 sona. Den unge mannen hadde blånekta. "For", sa han til meg, "eg måtte nekte elles hadde eg mist sertifikatet". Han meinte at dette nok var ei lygn han fekk tilgjeving for. Paulus gjer det klårt at lygn høyrer det gamle mennesket til: "Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer", slik skriv han til kolossarane (Kol 3,9).

2. Synd ikkje gjennom harme

Ein kamerat av meg kom ein gong i den situasjonen at han vart skikkeleg sint på ein tilsett som hadde gjort noko dumt. "Eg tok til å skjelle han ut", sa han, "og eg var så frustrert og rasande at eg visste omtrent ikkje kva eg sjølv sa. Alle slags fæle ord kom nesten som ein eksplosjon ut av meg. Den utskjelte hadde vorte ståande som lamma". Det verd å merke seg at Paulus ikkje seier at vi ikkje skal kunne verte harme, men han seier at vi ikkje skal verte det på ein slik måte at vi ikkje syndar, og vreiden skal ikkje få vare til sola går ned. Han skal avsluttast og gjerast opp. Vi har lært at det er sunt å snakke ut. Men vi må balansere dette med Paulus si formaning: "Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk" (Kol 3,8).

3. Stel ikkje

Då eg var gutunge på ein 8-9 år, hadde eg ei tante som var diakonisse og var eit par år i Chicago. Då ho var komen heim, var eg innom ein nabo og fortalde om alt det fantastiske tanta mi hadde opplevd. "Og så stal dei så forferdeleg der borte", sa eg til naboen. "Jaså", sa naboen, "men kva gjorde tanta di der borte då?". Eg hadde tenkt meg litt om og svara: "Å, ho stal sikkert litt ho også". Den tanken kom altså opp i gutesinnet at tanta mi var vel ikkje så ulik alle andre menneske. Denne tanken har framleis lett for å dukke opp hjå oss. Vi må vel leve omtrent som alle andre menneske. Ein kristen kan då ikkje skilje seg ut. Er det ikkje eit kompliment for ein kristen når det vert sagt om han: "Han er så alminneleg og folkeleg! Han lever jo akkurat som alle andre". Igjen må det seiast: Slik talar ikkje Paulus. "Den som stal, skal ikkje stela meir", seier han. Den kristne er fødd på ny og har teke til med eit nytt liv. "Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de og gjera", sa Jesus (Joh 13,15). Det er faktisk ein stor skilnad. Den som ikkje er kristen, det gamle mennesket, strevar etter å tilpasse seg vår kultur og livsform. Den kristne, den som er fødd på ny, det nye mennesket, prøver å tilpasse seg Jesus og verte han lik.

"Å, var eg meir deg Jesus lik/ så hjartevarm og god/ med same kjærleik utan svik/ som du i striden stod./ Å, var eg meir med liv og tru/ i alle ting som du, som du/ min Gud kor sæl eg var!" (NoS 425).

Geir Sørebø