25. søndag estter pinse

Esek 37,1-5.10-14

ORDET SOM GJER DØDE LEVANDE

Vi såg det i Kosovo. Vi har sett det i Afrika. I Chile. Vi opplevde det i Europa etter 2. verdskrig. Dei finst mange stader på denne jorda. Massegravene. Grøfter som vert gravne opp og som er fulle av menneskebein. Og kvar gong vi ser det på fjernsynsskjermen, vert dei fleste av oss fylte med mismot og gru. Vi er del av og har bak oss ei historie som er full av menneskeforakt. Aldri ser det ut til å verte slutt på vold og dødbringande gjerningar.

Profeten Esekiel opplevde også i 597 f.Kr. krigshandlingar som gjorde at mange av folket hans låg døde att på marka og han sjølv vart saman med ein stor flokk driven bort som flyktning til Babylon. Der i flyktningeleiren kom han til å verke som profet, og der er det han får det mektige synet av dalen som er fylt av menneskebein. Menneskebein som vert til folk att, når det vert tala profetisk over dei. På denne måten gjev denne teksten eit sterkt vitnemål om korleis Guds ord kan gje nytt liv i håplause situasjonar. Det ligg tre dimensjonar i dette vitnemålet:

1. Liv for utstøytte menneske

Eg ser for meg ein flyktning frå Chile som ein søndagsmorgon for mange år sidan kom til kyrkja der eg budde med sin spanske Bibel under armen. Han var djupt ulukkeleg, for kone og born var att i Chile. Han kunne ikkje norsk. Men han prøvde å kommunisere med oss ved å peike på kjente ord i Bibelen. For han var heilt klart Bibelen og det profetiske ordet berar av håpet. "Kall meg død", stod det på framsida av ei tabloidavis. Det var ei fengsla dame som sa orda. Mange utstøytte menneske, fengsla menneske og flyktningar har kjent seg som døde. Slik også Israels-folket i Babylon. Det profetiske ordet kunngjer håp for flyktningane: "Så fører eg dykk til Israels-landet" (v.12). Sjølv om kyrkjeasylpraksisen kan diskuterast, må kyrkja alltid vere engasjert i flyktningar si sak, for frå gamalt av har det profetiske ordet gjev liv og von til flyktningar. Guds eige utvalde folk var i mange år flyktningar.

2. Liv for åndeleg døde

For litt sidan såg eg i eit TV-program ein robot som var laga som ein kopi av eit menneske. Etter kvart som den teknologiske utvikling går vidare kan slike robotar verte meir og meir menneskeliknande. Dei kan både snakke og oppfatte lyd. Det som før berre eksisterte i Science- fiction-filmar, er langt på veg ein realitet. Menneske som er døde gjenstandar, men som likevel oppfører seg som levande. Paulus skriv til Timoteus: "Den som berre vil nyta livet, er levande død" (1 Tim 5,6). Slike robotar har eksistert lenge før datatidsalderen. Og korleis kan slike robotar verte til levande menneske. Dei kan verte det ved Guds Ord si livgjevande kraft: "Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna ... Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att"... Denne åndelege død truar oss alle. Difor bed vi i kvar gravferd. "Fri oss frå åndeleg død"...

3. Liv for gravlagde menneske

Ein gong eg stod på kanten av ei open grav på ein kyrkjegard, såg eg at det låg eit par menneskebein på botnen av grava. Restar av eit menneske som hadde vorte gravlagd for 40 år sidan. Då tenkte eg: Om ein del år vil nokon kunne grave opp att mi grav, og det einaste dei finn er eit par slike bein. Det vart ein litt skremmande tanke. Men så vert min angst møtt av det profetiske ordet som kunngjer at turre bein atter skal verta til levande menneske. "Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og let dykk stiga opp or dei".

Vi har mange slags massegraver i verda. Vi har massegraver etter lidande forfølgde menneske. Vi har dei åndelege massegravene til dei som framleis lever fysisk, men har lidd den åndelege død. Vi har kyrkjegardane våre der menneske har vorte lagde i vigsla jord. Vi er kalla til å rope det profetiske ord ut til menneske som fryktar massegravene. Det ordet som lydde frå profeten Esekiel, frå engelen ved Jesu grav og frå Paulus: "Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!"

Geir Sørebø