16. søndag etter pinse

Fil 4,10-13

DEN RETTE KRAFT

Det er mange slags krefter i tilværet. Vi har tyngdekraft. Vi har hestekraft. Vi har spirekraft. Ei kraft er usynleg, men ho gjer sine synlege verknader. Paulus skriv i Filipparbrevet om ei slik kraft. Ei kraft med tydelege verknader:

1. Kyrkjelyden har omsorg for sin hyrding

Det var ein pensjonert prest som vikarierte i ein ledig prestestilling. Ei av oppgåvene var å ha konfirmantførebuing. Det kunne vere han grudde seg litt for det. Det er ikkje så lett å kommunisere godt med ein flokk 14-15 åringar når du er midt i 70-åra. Men konfirmanttimane gjekk greitt, og då den halvårige vikarperioden var slutt, møtte konfirmantane fram med blomar og ei gåve til den pensjonerte presten som dei hadde kjøpt for eigne pengar. Det var ei stor overrasking og ei fin oppmuntring. Konfirmantane hadde forstått at han ikkje tykte det var så lett og opplevd at han hadde gjort sitt aller beste. Faktisk viste dei ei omsorg som høyrer til i ein god kyrkjelyd.

Paulus fekk ei pengegåve tilsendt frå kyrkjelyden i Filippi. " Det var ei stor glede for meg i Herren at de på nytt har makta å tenkja på det eg treng", skriv han. Paulus var apostel. I dag har vi prestar og forstandarar, vi har kyrkjeleg tilsette og friviljuge. I vårt land treng mange av desse ikkje pengegåver, men alle treng sterkt kyrkjelyden si omsorg. Mange må tole mykje likesæle frå kyrkjelyden. Det er ofte verre enn negative haldningar. Når ein prest vert vigsla, seier biskopen til kyrkjelyden: "Lat oss ta imot han i kjærleik, framleis bera han fram i bønene våre og stå saman med han i forsoningstenesta". Dette er bibelsk. Slik var det i Filippi. Slik skal det vere overalt der den rette krafta får verke.

2. Hyrdingen seier seg nøgd med sine kår

Eg ser for meg ein prest som stig på talarstolen på eit prestemøte. Det var ein debatt om lønsvilkår. Så seier han: "Eg for min del ville vere prest sjølv om eg ikkje tente 5-øre". Eg veit han meinte det. Det gjorde inntrykk på meg. "Ein arbeidar er si løn verd", skriv Paulus til Timoteus, ja, til og med: "Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn" (1 Tim 5,17) Men samstundes hadde Paulus sjølv det slett ikkje slik. Han måtte i periodar oppleve både trengsel og svolt. Men han klaga ikkje. Han var nøgd. "Eg har lært meg å vera nøgd med det eg har", seier han. Det har hendt at eg om søndagen på veg til kyrkje har møtt menneske på ferja som seier: "Jaså, du er på jobb i dag". Akkurat dette skurrar i øyro mine. Og eg plar svare: "Nei, eg gjer ingen jobb i dag. Eg gjer ei teneste". Ei gudsteneste er ei teneste. Og eg har ingen preste-jobb, eg har ei preste-teneste å utføre. Sjølvsagt må prestar ha ei løn. Ja, ein prest med det rette kall fortener dobbel løn. Men like visst må ein sann prest i teneste for ein rik Herre, lære seg å vere nøgd med det han har. For han har det som gjev han det aller mest meiningsfulle liv. Og han må kunne tru det som Paulus skriv: "Så skal min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng" (Fil 4,19). Til dette trengst den rette kraft.

3. Menneske vitnar om Guds kraft gjennom Jesus

Det var ein mann som hadde vorte teken til fange i eit framandt land og vorte halden som gissel i lengre tid. Han hadde vorte utsett for store påkjenningar. Journalistar spurde han etter at han hadde vorte sett fri korleis han hadde greidd å halde ut. "Eg fann min styrke hos Gud", svara han. Det er mange menneske som har svara på same måte etter å gått gjennom store påkjenningar. Og Paulus skriv for sin del desse vakre orda: "Alt maktar eg i han som gjer meg sterk". Dette er jo djupast sett grunnen til at kyrkjelyden kan makte å vise varm omsorg for ein hyrding som ikkje er så feilfri og som ofte har sin del av skulda for at han er komen opp i ein vanskeleg situasjon. Og dette er også grunnen til at ein hyrding kan makte å vere nøgd sjølv om han manglar mykje. Styrken i Jesus Kristus er den rette, usynlege kraft som kan gje både kyrkjelydar og hyrdingar krefter til å elske, til å leve og til å vitne.

Geir Sørebø