9. søndag etter pinse

Gal 1,6-9

KAMPEN FOR EVANGELIET

Det var i ein førelesingstime i kyrkjehistorie under teologistudiet at førelesaren, professor Carl Fr. Wisløff, kom innom alle diskusjonane og stridane som har vore mellom kristne gjennom åra. For mange kan det sjå ut som dei kristne har vore spesialistar i å krangle og verte usamde om detaljar. Også i dag seier mange: Å, eg er så lei alle desse diskusjonane! Men eg hugsar Wisløff sin kommentar var: "Vi må ikkje gløyme at det heile tida gjeld noko som vi ikkje er likegyldige til. Det gjeld verda si viktigaste sak. Det gjeld evangeliet." Kampen for evangeliet starta alt på Paulus si tid. Galatarbrevet gjev eit glimt inn i denne kampen. Kva diskusjonen her dreiar seg om, gjev Apg 15 eit godt innblikk i. Dei få versa som utgjer søndagsteksten, viser at problemstillingane stadig er aktuelle. Tre temakretsar vert berørte:

1. Vi er alle kalla ved nåden

Eg trur scenen er henta frå ei barnebok eg las for mange år sidan. På barneheimen stod dei foreldrelause borna oppstilte på ei lang rekkje. Eit velståande ektepar gjekk langs rekkja for å finne ut av kven dei ville adoptere. Ein dramatisk scene. Eit val frå ekteparet skulle endre livet totalt for det eine heldige barnet. Du som er kristen, du som er døypt, du skal vite at eit val frå Guds side har endra livet ditt enno meir radikalt. Når du i dag er eit Guds barn, så er initiativet på Guds side. Det velståande ekteparet tok kanskje ei søt lita jente fordi dei tykte ho var pen og fordi dei trudde dei ville verte glade i henne. Slik tenkte ikkje Gud. Han såg ikkje verken på det ytre eller indre hjå deg. Han kalla deg ved Kristi nåde fordi han elska deg.

2. Det finst ikkje noko alternativ til nåden

I dei seinare åra har det vakse fram ein aktivitet som vert kalla for alternativ medisin. Mange slags tilbod skal supplere og erstatte den tradisjonelle skulemedisinen. For litt sidan las eg ei bok som hadde som siktemål å lære oss å satse på kroppen si eiga evne til å lækje seg sjølv. Når vi vert sjuke, vart det hevda, så ligg oftast nøkkelen til å verte frisk gøymd i vår eigen kropp. Det det gjeld om er å stimulere og aktivisere kroppen sine innebygde lækjande krefter. I mange høve vil dette kunne vere eit alternativ til medisinar som ein får på apoteket. Ja, det vil vere eit betre alternativ fordi ein slepp tilføre kroppen "kunstige" stoff. Det er mange som tenkjer slik også i dei åndelege spørsmål. Nåden er eigentleg noko "kunstig" som vert tilført mennesket utafrå. Ei slags naudløysing for dei håplause tilfella. Langt å føretrekke må det vere at mennesket klarer seg sjølv ved å leve godt og moralsk i samsvar med dei ti boda og andre gode levereglar. I Galatia hadde ein etterkvart funne eit "betre" alternativ enn nåden åleine. Galatarbrevet og Apg 15 gjev innblikk i dette alternativet. Paulus finn alternativet så urovekkjande at han med all si kraft åtvarar mot det. Han gjer det klårt at det finst ikkje noko sant alternativ til Kristi nåde.

3. Det finst berre eitt evangelium

Ordet evangelium kan nyttast på ulike måtar. Dels om eit skrift. Då kan vi seie at vi har ulike evangelier. Dels om ein bodskap. Då finst det berre eitt evangelium. Det forstår kvar den prest som har vorte tilkalla til eit menneske på dødslægjet som har stor angst for å døy fordi samvitet seier at det er ein syndar som ikkje er himmelen verdig. I korte enkle ordelag må presten kunne gje den bodskapen som kan gje syndaren fred og opne porten til himmelen. I ein slik situasjon har det i alle høve stått tindrande klårt for meg: Det finst berre eitt evangelium. Og dette evangeliet som Kristi nåde er så avgjerande for menneske sitt evige liv at eg ikkje har vanskar med å slutte meg til Paulus sine ord: "Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vere forbanna!" For det finst berre eitt evangelium som opnar himmelen. Alle alternativ er forvrengningar.

Kampen for evangeliet vil aldri ta slutt. Ikkje før den dagen djevelen er endeleg overvunnen (Op 20,10) og alle ting er gjort nye (Op 21,5). Kampen for evangeliet er kampen for livet, og ingen kristen kan stille seg likegyldig til denne kampen.

Geir Sørebø