3. søndag i faste
Hebr 12,1-3

KOM I GOD FORM I KRISTENLIVET!

Ein mann som eg kjenner reiste til USA då han var midt i 50-åra. Der skulle han vere eit års tid og studere. Han vart buande i lag med nokre jogge-entusiastar og vart dregen med i treninga. Han hadde aldri trena før, men no vart han i fyr og flamme. Han tok til å springe kvar dag. Då han kom til Noreg att, sa han: "Eg har fått eit nytt liv. Eg trudde ikkje noko slikt var mogeleg i min alder. Eg tenkte ikkje eg kunne oppnå slikt fysisk velvære". Vi har nok noko å lære av idrettsfolka i kristenlivet også. Det er truleg at idrettsmannen sitt strev har vore modell for den som har utforma bibelteksten vår for denne søndagen.

Kva seier så denne teksten om idrettslivet og om kristenlivet? Eg vil samle det i tre punkt. Det første er dette:

  1. Du skal høyre på vitna

Like etter tusenårsskiftet var dei norske skihopparane elendige. Det var nesten pinleg å sjå på eit internasjonalt hopprenn. Vi kan ikkje leve med at beste nordmann blir nr. 23 i Holmenkollen. Så fekk vi ein erfaren finsk trenar som hadde brei erfaring innafor skihopp. Brått vart alt snudd opp ned. Og i 2004 vann ein nordmann atter den tysk-austerrikske hoppveka. Og ein annan vann VM i skiflyging. Det nyttar å høyre på ein erfaren trenar. Toppidrett er ikkje for einstøingar som vil finne opp metoden sjølv. Slik er det også med kristenlivet. Menneske finn ikkje opp Gud på eigen hand og kjem til tru av seg sjølve. Kvar og ein av oss kan vitne om dette. Det var ei mor, ei bestemor, ein kamerat, ein lærar, ein prest, ein forkynnar som førte oss til Jesus. Som var eit vitne for han. Skal vi utvikle trua vår vidare må vi høyre på dei som har erfaring som kristne, akkurat som skihopparen høyrer på trenaren. Teksten vår seier at kvar og ein av oss har ei sky med vitne både i notid og fortid som kan føre oss på sporet.

2. Du skal legge av alt som tyngjer

På skeisebana kom revolusjonen den dagen da ein innførde den nye trikoten. Den som redusert luftmotstanden til eit minimum. Ja, nokre går til og med ein skjerm framme på drakta og ei pute i nakken på trikoten for å minske luftmotstanden. Den syltynne trikoten dei har på seg, veg sjølvsagt nesten ingen ting. Den som skeiser rundt med ein tung ryggsekk på ryggen, får sjølvsagt ikkje komme opp på sigerspallen. Ein idrettsmann må lære seg til å legge av alt som tyngjer. I teksten vi las stod at slik skal det også vere med dei kristne, dei skal legge av alt som tyngjer. Det hadde jo Jesus sagt før. Kom til meg alle de som slit og har tungt å bæra, og eg vil gje dykk kvile. I fastetida har mange kyrkjelydar skriftemålsgudstenester. Det er ei av dei ordningane som vår kyrkje har for å leggje til rette for at ein skal kunne leggje av det som tyngjer.

3. Du skal ha augo feste på målet

I min ungdom ville eg prøve meg som orienteringsløpar. Men eg hadde ikkje den heilt store oversikten over korleis kompasset fungerte. I den første konkurransen vart det mykje rot og det var umogeleg å finne alle postane. Det tok så lang tid at då eg kom hadde kome rundt heile løypa, så hadde dei rigga ned målet. Eg kom aldri i mål, og kom ikkje med på noko resultatliste. Heile løpet var spolert. Slik må det ikkje gå med den kristne. Teksten vår seier at han skal ha augo feste på målet. "Med tolmod skal vi fullføre det løpet som er lagt framfor oss, med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus."

Eg skal ikkje ha augo feste på meg sjølv. Då blir det berre rot akkurat som i orienteringsløpet. Augo skal vere feste på Jesus. Kanskje kan det vere ei hjelp å ha ein kross hengande i stova eller på soverommet. Eller eit godt Jesus- bilete på kjøkkenet?

Eg har fått ei nytt liv, sa han som lærde å jogge i Amerika. Det er vegen til Livet som vert skissert i teksten for denne søndagen: Å høyre på vitna, legge av alt som tyngjer og halde augo feste på målet.

Geir Sørebø