IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3. søndag i faste

Hebr 12:1-3

I PREIKA

Eit lite trøyste- og oppmuntringsstykke mitt i fastetid. Det er det denne teksten er. Hald ut! Vert ikkje motlause og trøtte, seier forfattaren, og prøver å gje oss nytt mot og nye krefter til kvardagen som Jesu etterfølgjarar.

Det er særleg orda om å halde auga fast på Jesus som eg har festa meg med denne gongen: " , med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus." Korleis skal me halde augo festa på Jesus?? Barna kan sikkert hjelpe oss med svaret på det. Og kanskje dei vaksne og?? Kva med å dele kyrkjelyden inn i små grupper, og så gje dei i oppgåve å svare på spørsmålet: Korleis kan me halde augo festa på Jesus i 2004? La gruppene summe i 5-10 minutter. Ta fram ein eller to personer frå kva gruppe dei svarer på spørsmålet på vegne av gruppa.

Til slutt kan det vere fint å oppsummere svara, og legge vekta på dei viktigaste. Kanskje kan det vere fint å ha med seg ein stor bibel, nokre falda hender, eit hjarta, ei salmebok (osb).

EI SALME

Salmer 1997 nr. 71: Tett ved sida mi går Jesus

LITURGI

Truvedkjenning: Lag illustrasjonar til 2. artikkel (om Jesus) hald dei oppe medan ein les, så vert det lettare å følgje med også for dei minste. Prest og den/dei som skal halde opp illustrasjonane må øve på førehand slik at ein vert samkøyrde!

Guds signing!

Anne Berit Sunde J