Palmesøndag

Hebr 2,14-18

DET ER IKKJE ENGLAR HAN TEK SEG AV

Den russiske forfattaren Leo Tolstoj var ein styrtrik godseigar som hadde massevis av tenarar på godset sitt. Ein gong kom han på den tanken at han ville oppleve korleis det var å leve som ein tenar på godset. Han tok på seg klær som var som var lik dei tenestefolket gjekk med, han gjorde det same arbeidet. Han åt den same maten. Han sov i same slags seng. Etter at han hadde gjort dette i ein periode på nokre månader, så spurde han ein dag ein av dei andre tenarane kva dei tykte om dette at han som var godseigar hadde valt å leve fullt ut slik som tenarane sine. Til si overrasking fekk han det svaret at dei ikkje tykte noko om det. Dei sa at dei opplevde alt som eit skodespel. Det var ingen ekte solidaritet, for Tolstoj kunne akkurat når han ville hive av seg tenardrakta og gå inn i rikmannslivet igjen.

Teksten frå Hebrearbrevet seier oss at slik var det ikkje med Jesus. Jesus hadde valt å verte menneske på ein slik måte at han ikkje kunne snu. Han kom til å verte oss lik heilt til det siste, lik i livet, lik i freistinga, lik i døden.

1. Lik oss i livet

Hadde Jesus ofte influensa? Det er sikkert mange av oss som ein eller annan gong i vinterhalvåret har måtta gå til sengs med feber, hovudverk og kvalme. Og så har vi fått eit par ekstra dagar under dyna til å tykkje synd på oss sjølve. Og så har vi kanskje filosofert litt over at sanneleg er vi nokre skrøpelege vesen som slegne over ende av eit mikroskopisk virus. Kunne Jesus vere så skrøpeleg? Så skrøpeleg at læresveinane måtte hente mat og drikke til han og breie varme klede eller skinn over han. Svaret er truleg ja, for det står skrive: "Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han og verta menneske som dei".

2. Lik oss i freistinga

Eg må av og til tenkje på ein liten episode frå barndommen min. Eg kunne vere rundt 10 år. Eg hadde hatt med til læraren min ei par smålaksar som bestefar min hadde fiska. Læraren gav meg 12 kroner som eg skulle ta med attende til bestefar. Freistinga vart for stor. Eg stakk pengane i eiga lomme og sa ingen ting til bestefar.

I det vaksne livet dukkar det jo stadig opp situasjonar der det dreiar seg om summar med mange nullar etter tolvtalet som kunne stikkast i eiga lomme. Anten det no gjeld utfylling av sjølvmeldinga eller forvaltning av offentlege midlar.

Er Jesus lik meg i så måte? Vart han freista til å lure bestefar sin for eit par øre? Var han som vaksen plaga av den tanken at han hadde potensial til å erobre ein enorm rikdom i sitt jordiske liv. Svaret på denne typen spørsmål må vere ja. Ja, slike freistingar var ei liding for Jesus. For det står skrive: "Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista".

3. Lik oss i døden.

Det er menneske som i dag kjempar for det dei kallar retten til ein verdig død. Dei vil ha rett til sjølve å bestemme når deira eige liv skal avbrytast. Det er ikkje vanskeleg å forstå dette engasjementet. For ofte kan den siste livsfasen opplevast pinefull og fornedrande. Menneske kan miste kontrollen over seg sjølv og elementære kroppslege funksjonar. Men Jesus døydde slett ikkje "ein verdig død". Han døydde opphengt til spott og spe. Hans død var ikkje berre offentleg, den var til offentleg forlystelse. Underlege er då Skrifta sine ord: "Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, og fria ut dei alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv".

Leo Tolstoj sitt eksperiment vart oppfatta som eit billeg skodespel. Han bar ei maske og gjekk inn i ei rolle. Takk og pris for at det var annleis med Jesus. Han kan hjelpe meg når eg ikkje taklar livet mitt i kvardagen, når freistingar overmannar meg, når døden fornedrar meg. Det er ikkje englar han tek seg av, men oss som ein gong skal verte englane lik.

Geir Sørebø