2. søndag etter Kristi openberringsdag

Jes 55,1-3

BILLEGSAL I GUDS RIKE

Tida etter nyttår har alltid vore tida for billegsal. Det er vel fleire av oss som har vorte litt lange i maska når vi har sett at ting vi kjøpte og gav i julepresangar no vere selde med store rabattar. For nokre dagar sidan hadde Bergens Tidende eit vedlegg frå ei av dei store elektrokjedene med kjemperabattar annonserte med kjempebokstavar. Eg tenkte at no går det snart ikkje an å bruke større bokstavar. Og det går kanskje ikkje an å få betre tilbod. Men når eg ser Bibel-teksten for denne søndagen, så tek den likevel førsteprisen rabattkonkurransen. For her er prisane nedsette til null. Kva er det så vi finn når det er billegsal i Guds rike?

1. Sal på matvarer

Om sommaren bur familien min ofte ved sida av ein bonde som driv med kyr. Av og til har vi bruk for mykje mjølk og tek med oss eit ti liters spann og bankar på døra hans. Når han har fylt spannet, kjem spørsmålet frå oss: "Kor mykje kostar så det?" Og svaret er alltid det same: "Nei, i dag er det gratis". Gud er som ein slik bonde. Ja, han annonserer i sitt Ord med sitt gode tilbod:

"Ja, kom og kjøp utan pengar, og utan betaling vin og mjølk! (v.1) Bibelen talar dels om den mjølk som gjev verdfull næring for kroppen (2 Mos 3,8) og den åndelege mjølk som gjev naudsynt næring for sjela (1 Pet 2,2). Begge deler er Guds gåve til folket. Bibelen talar også om den vin som var verdfull drikke for menneske (Joh 2,1ff) og den vin som saman med Ordet formidlar Jesu forsonande død (1 Kor 11,25f). Også her er begge deler Guds gåve. "Kor mykje kostar det?" var det ei gammal kone som ein gong kom til å seie under nattverden. Heldigvis var presten kjapp nok i tanken til å svare: "Ingen ting. Det er alt betalt".

2. Sal på kvalitetsvarer

For nokre år sidan selde eg ein bilen min for 3000 kroner. Og enno opplevde eg at mannen som kjøpte han, ringde opp att seinare og påstod at eg hadde lurt han. Bilen var enno dårlegare enn han hadde trudd. Eg vart vel litt overraska, for eg meinte at han kunne ikkkje vente seg ein bil i topp stand til den prisen. Vi må faktisk rekne med at det er ein viss samanheng mellom pris og kvalitet. Jo billegare vi får ei vare, jo dårlegare må vi rekne med at ho er. Og dersom det vert reklamert med at vi får topp kvalitet nesten gratis, så er det som regel juks. Søndagsteksten åtvarer også mot å bruke pengar på det kvalitetslause: "Kvifor gjev de ut pengar for det som ikkje er brød, og dykkar arbeidsløn for det som ikkje kan metta". Dette er jo eit svært så aktuelt ord i dag. For er det ikkje slik at mange av dei tusen gode tilboda som vi får i vårt nytings-, sex- og underhaldningsfikserte samfunn manglar den verkelege kvaliteten? Det er djupast sett berre ei "vare" som verkeleg har kvalitet. Det er den som er heilt gratis. Gjeven av Gud.

3. Sal på helsekost

Eg såg på TV at under den store influensaepidimien så var det ein straum av folk til helsekostbutikkane. Det var sjølvsagt fordi ingen tradisjonelle medisinar verkar på influensa. Og då leitar ein etter alternativ. Om solhatt og andre helsekostprodukt verkar på influensa, skal eg ikkje ha noko meining om. Men i alle høve verkar dei ikkje på dei store livsfiendane, synd og død. Står vi ovafor desse livsøydande kreftene, så finst det berre ein helsekost som verkar: Det er den som vi får gjennom Guds ord og Guds heilage sakrament. Difor heiter det også i teksten: "Å, høyr på meg! Så skal de få eta det som godt er ... Vend øyra hit og kom til meg, høyr, så skal de få leva!" (v.2f). Helsekost er slett ikkje billeg. Det er berre Guds helsekost som er billeg. Guds helsekost har lenge vore på billegsal. Ja, den er no heilt gratis.

Mange som driv butikk vil seie: Eit slik billegsal kunne vi ikkje drive lenge. Det ville kome til å koste oss dyrt. Guds billegsal har faktisk kosta han dyrt. Det var ikkje berre snakk om å gå konkurs. Det var verre. Det kosta han så dyrt at hans einborne Son mista livet. Difor skal vi alltid kunne seie til menneske som spør om kor mykje det kostar å kome inn i Guds rike. Ingen ting. Det er alt betalt.

Geir Sørebø