12. søndag etter pinse

Jes 57,15-21

MOTSEIINGANE SIN GUD

Det som er denne søndagen sin preiketekst har eit sentralt vers som resten av teksten er spunnen rundt: "I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda".

Mange bibellesarar har undra seg over at bøkene til dei store domsprofetane i Det gamle testamentet er bygde opp slik at i dei første kapitla av skriftet inneheld tekstar som i strenge ordelag dømmer folket for den synd dei har gjort, medan dei seinare kapitla av boka viser den milde Gud som vil lækje det folket han har tukta. Korleis kan dette henge saman? - Eller som ei eldre kvinne sa til meg: Korleis kan det henge saman at Jesus på den eine sida seier: "Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil" og på hi sida: "Kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv". Gud møter oss altså dels som høg og heilag, dels møter han oss som nærverande hos den minste og den minst vellukka. Han er motseiingane sin Gud. Kva slags motseiingar er dette? Det er:

1. Motseiing for tanken

Eg hugsar ein joggetur tidleg ein vintermorgon i bygda her eg bur. Det var enno mørkt. Men himmelen var stjerneklår. Medan eg småsprang langs vegane, begynte eg å studere stjernebileta. Eg tok til å tenkje på avstandar i universet og kor mange himmellekamar som eigentleg finst. Etter kvart vart eg gripen av ei nesten uhyggeleg kjensle av at jordkloten vår eigentleg er eit bitte, bitte lite støvkorn, og tenk så at på dette vesle støvkornet er eg som eit mikroskopisk atom. Og eg vågar likevel å tru at eg i mine bøner kan tale til han som er heile universet sin skapar. For ei motseiing for tanken! Denne motseiinga kjem til uttrykk når det hjå Jesaja heiter at Gud er høgt opphøgd og tronar evig, samstundes som han er hjå den som er nedbøygd i ånda.

2. Motseiing for kjenslene

Eg kom ein gong med ein dødsbodskap til eit djupt kristent menneske. Eg måtte diverre overbringe den tunge meldinga at ein av kvinna sine næraste brått var død. Kvinna svara med å rope ut i fortviling: "Å, Gud, kvifor gjorde du dette mot meg?!" Seinare den dagen kunne eg saman med den same kvinna be og takke for at Gud var nær og gav hjelp i mørke og sorg. Gud, eller kanskje like mykje vår tru på Gud, skaper ofte heilt motsette kjensler hjå oss. Ja, motsette kjensler hjå det same menneske. Slik det også er antyda i bibelteksten når Gud snart er harm og snart trøystar det same folket, og når dei som sørgjer får ein lovsong lagt på sine lipper. Vi skal ottast og elska Gud, heiter det i Luther si vesle katekisme. Dette er bibelsk. Gud er motseiingane sin Gud. Han er ei motseiing for kjenslene våre.

3. Motseiing i lov og evangelium

Motseiinga har ikkje sitt opphav berre i vår begrensa tanke og våre forvirra kjensler. Motseiinga har sitt første opphav i Gud sjølv. I Gud er ein evig motsetnad mellom hans utilnærmelege heilagdom og hans oppofrande kjærleik. Gud krev alt, og Gud gjev alt.

"Kristendommen er umogeleg, for ditt liv vert aldri godt nok", var det ein mann som oppgitt sa. Og den heilage Gud seier det same: Ditt liv vert aldri godt nok. Eller med Jesus sine ord: "Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen". "Kristentrua er ei berging for alle" var det ein professor som sa. For sjølv den som i siste livsminutt vender seg til Jesus, skal verte teken i mot. Og den nådige Gud seier det same gjennom Jesus sine ord: "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bere og eg vil gje dykk kvile!" Gjennom heile Bibelen finn vi denne uoppløyselege motseiinga mellom den heilage Gud og den nådige Gud. Mellom den Gud som viser vreide og den som gjev rikeleg trøyst, slik det heiter i søndagens tekst.

Gud er motseiingane sin Gud. Og det i ein slik grad at vi ikkje kunne leve med Gud om ikkje han hadde møtt oss gjennom Jesus Kristus. Jesus Kristus byggjer bru over alle motsetningar. Han er den opphøgde som samstundes som vert fødd hjå nedbøygde i ein stall. Han er den som tek del i menneske si sorg på ein slik måte at lovsongen kan kome fram. Han er den som oppfyller lova på vegner av alle menneske kan tru seg frelst. Så kan motseiingar i tanke og kjensler, mellom lov og evangelium falle til ro gjennom tru og overgjeving til Jesus. Utan han vert menneske til sist utan Gud. Og teksten seier: "Dei gudlause er som det bårande havet; det kan aldri falla til ro, og bylgjene rotar opp gjørme og skit. Dei gudlause har ingen fred, seier Herren".

Mange har forlate kyrkje og kristendom fordi dei fann motseiingane sin Gud umogeleg å leve med. Den som har møtt Jesus som frelsar får gjerne sjå at nettopp er motseiingane sin Gud vi treng. Vi nedbøygde treng ein opphøgd som kjem ned og lyfter oss opp. Vi som sørgjer, treng ein som kan sørgje med oss og gje trøyst. Vi syndarar treng ein forsonar som kan bere synder.

Geir Sørebø