Jes 65,17-19

Siste søndag i kyrkjeåret (Domssøndagen)

JUBEL I JERUSALEM

Noko eg hugsar frå ei vitjing i Israel rundt 1990, er palestinske ungdomar som kasta stein på israelske soldatar på tempelplassen. Og det gjer dei enno. Her har det vore uro i fleire tusen år. Steinane har hagla. Blodet har runne. Murar har vorte bygde opp og rivne ned. Med dette som bakgrunn er det underleg det som står i søndagsteksten og som er henta frå Jesajaboka: "For eg skaper Jerusalem om til ein jublande by og dei som bur der, til eit lukkeleg folk ... Aldri meir skal det høyrast gråt eller klage i byen".

Når vi les dette, går tankane også til dei to siste kapitla i Bibelen som skildrar det nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen, vakker og rein som ei brur, fylt av fred og glede. Slutten av Jesajaboka og slutten av Johannes openberring handlar begge om ein veldig omsnunad i historia. Det som ein anar konturar av når Herren fører sitt folk attende frå fangenskapet vert falda ut for fullt når Herren fører sine truande inn i det himmelske Jerusalem. Tre tankar er sentrale i desse tekstane:

1. Dom

Kveldens dagsrevy på fjernsynet gav eit glimt frå domstolen i Haag der Milosevic stod for retten, og så var det også denne gongen eit innslag frå Afganistan der vi såg røyken frå bomber og born på flukt. Hadde det ikkje vore ei velgjerning om det også her kunne haldast dom. Dom over all terror og liding. Ein dom som fekk alt vondt fram i lyset og som sette ein endeleg stoppar for alle valdshandlingar. Slik er Herrens dom omtala i Bibelen. Der Herrens dom lyder vert det skapt fred (Jes 2,4). Herrens dom er det som armingar og verjelause lengtar etter (Jes 11,4).

2. Nyskaping

Dei siste dagane har eg ergra meg over ei datamaskin til ein i familien som er i ferd med å bryte saman. Det var harddisken som hadde byrja å fuske. All verdifull informasjon stod i fare for å gå tapt. Då var det berre ein ting å gjere. Formatere harddisken og setje alle program opp igjen. Når det var gjort, og naudsynt programvare og informasjon lagd inn igjen, fungerte maskina som om ho skulle vere ny. Dommedag er den dagen Gud formaterer verda. Alt det gamle vert sletta ut. "Det som var meir, skal ingen minnast, aldri meir skal det komast i hug" (v.17). Men så når jord og himmel ligg der reine utan synd og vondskap, så skal vi som har ein plass i Guds program installerast på nytt. Jord og himmel og menneske skal vere nyskapte som i den paradisiske tid.

3. Glede

Dommedagspredikant er eit ord med ein dårleg klang. Når dommedagspredikantane får sleppe laus, då luktar det svovel i kyrkja, hevda ei lokalavis for litt sidan. Men det er ikkje slik dommedag er teikna i teksten for denne dagen. For teksten vår talar om fryd og glede og lukke. Og dette er ein jubel som stig fram fordi Herren har halde dom og fordi han gjennomført si store nyskaping. Ein dommedagspredikant skulle difor vere ein som framom alt forkynte den endelege slutt på det vonde og byrjinga på den store gleda. Det er i tråd med dette at Jesus i ein av dei andre tekstane som vert nytta på domssøndagen, seier: "Himmelriket kan liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen" (Matt 25,1). Her er det den glade bryllaupsforventninga som ligg i lufta.

Det er mykje steinkasting i Jerusalem i dag. Det er nok av bomber som vert svidde av rundt i verda. Djevelen går framleis rundt som ei brølande løve (1 Pet 5,8). Meir enn nokon gong treng vi å halde blikket fast på den store visjonen om at Gud skal halde dom og nyskape jord og himmel. Lat oss, slik det står i kyrkja si kollektbøn for denne søndagen, vake og be slik at vi kan halde fast på trua og sjå fram til den gleda som Guds dom banar vegen for.

Geir Sørebø.