5. søndag etter påske

Jer 29,11-14

TENKJER GUD DET VI LENGTAR ETTER?

Den 21. mai 2003 kom det fram i media at terroristorganisasjonen Al Qaida hadde sett fram terrortruslar mot USA, Storbritannia, Australia og Norge. Ambassadar og komersielle interesser som tilhøyrer desse landa ville kunne vere mål for sjølvmordsangrep, vart det hevda. Det er aldri hyggjeleg når ein vert kjent med at det er andre menneske som går rundt med vonde tankar om oss og som kanskje legg opp planar som kan skade oss. For meg er det slett ikkje uvesentleg kva andre tenkjer om meg. Og for oss som folk er det heller ikkje uvesentleg kva planar andre legg opp som vi vil kunne verte involvert i. For alle som trur på ein levande Gud vil det vere eit spørsmål som er enno viktigare: Kva tankar har Gud om oss? Kva tankar har Gud om meg? Nokre oppfattar kanskje dette som eit heilt umogeleg spørsmål, men gjennom Bibelen sine bøker vert det faktisk ganske mange ganger sagt noko om kva Gud tenkjer om oss. Teksten frå Jer 29 er eit døme på dette. Tre ord summerer her opp Guds tankar med oss:

1. Fred

Ein prestekollega av meg hadde gudsteneste med nattverd i ei mindre bygd, og rett før nattverdsmåltidet oppfordra han alle i kyrkja til å ta nokre av dei næraste i handa og seie: "Fred vere med deg" eller "Guds fred". Men ingen ting hende. Alle i kyrkja stod berre urørlege og såg rett fram. Det kunne vere mange grunnar til manglande respons - ikkje minst at ein var flau (slikt har vi aldri gjort her i bygda). Ofte er det ikkje lett å kome med ei fredshelsing til ein som ein har krangla med dagen før. Ofte tenkjer vi mest på å utkonkurrere andre og på greie oss betre enn dei. Når nokon markerer makt og styrke, går det gjerne på bekostning av andre sin fred. Vi gleder oss gjerne over eigen suksess, men andre si ulukke er heller ikkje å forakte, vert det av og til sagt. I ein terroristorganisasjon er andre si ulukke det fremste målet. "Eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar". Desse orda lydde første gong til eit folk som hadde svikta Herren. Dei hadde opplevd krig og terror. Dei hadde vorte okkupert og bortført frå fedrelandet. Trass i synd og svik frå folket, har Herren no fredstankar. Vi må med utgangspunkt i denne teksten kunne seie til menneske i mange ulike livssituasjonar: Gud har fredstankar med deg.

2. Framtid

Det var ein ung mann som vart hardt skada i ei trafikkulukke. Han vart liggjande medvitslaus på sjukehus med stor hjerneskade. Etter nokre dagar døydde han. Då høyrde eg ein seie: "Ja, det var vel det beste at han døydde, for han ville jo ikkje hatt noko framtid". Med det meinte vel vedkommande å seie at ungdommen ville, dersom han hadde vakna att, vore lam resten av livet, kanskje ville han ikkje kunna snakke, han ville ha hatt store plager av mange slag. Eg har høyrt eit menneske som hadde vorte skilt seie: "Eg har ingen framtid". Ja, til og med tenåringar kan tenkje slik når kjærasten har sagt takk og farvel. Alle slike utsegner er på ein eller annan måte eit utrykk for at no er det gode livet slutt. Ein ser ingen meining i å leve lenger. Så lyder det altså frå Gud som hans tanke med oss alle: "Eg vil gje dykk framtid." I Guds tanke er ikkje det gode livet slutt for noko menneske.

3. Von

Første halvår 2002 gjekk eg nesten kvar dag strekningen Sentralbanestasjonen - Akershus festning i Oslo. Kvar dag passerte eg flokken av narkomane på Plata. På netthinna mi sit enno biletet av ei ung jente som sit på plenen og set sprøyte i låret. Her opplevde eg å møte ei gruppe menneske som ikkje hadde større von enn det tomme pappkruset som vart heldt fram ein forbipasserande som kanskje ville leggje ein femkrone oppi. Det gjer vondt å møte eit tomt blikk frå eit ungt menneske utan von. Velsigna vere dei som greier å gje vona attende til dei som har mist ho. Bibelordet seier altså at det er Guds tanke å gje oss von.

Noko av det finaste som eg gjer som prest er å kunngjere ved slutten av både dåpshandlinga og gravferdshandlinga at Gud gjev oss von: "Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! (1 Pet 1,3).

Det er skummelt og utrygt når vi får høyre at det vert tenkt ulukkestankar om oss. Det er vondt å oppleve livsituasjonar som manglar fred, framtid og von. Omvendt gjev det ein trygg grunnvoll for livet å få tru det som Guds ord seier, at Gud tenkjer på fred, framtid og von når han tenkjer på oss. Er ikkje vår djupaste livslengt knytt til desse orda fred, framtid og von? Er det ikkje dette våre bøner dreiar seg rundt? Men då er vi jo på bølgelengde med Gud i bønene våre. Vår lengt og hans tanke møtest. "Når de søkjer meg, skal de finna meg".

Geir Sørebø