IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

5. søndag etter påske

Jer 29,11-14

I PREIKA

Kva med ei samtalepreike kring tema FRED?

FRED – test smaken av ordet.

Kva smakar det – og kva tankar gjev ordet oss?

Tenke etter: Kva ville ordet meine for ein som har vokse opp med krig rundt seg? Kva tyder ordet for eit barn i Noreg som har vokse opp i fredstid? Kva tyder ordet for ein av dei som fekk oppleve krig i Noreg? Osb…..

Korleis kan me vere med og skape fred, oss i mellom og mellom menneske i verda?

GUDS FRED – kva slag fred er det?

I teksten i dag seier Gud at han ikkje har vonde tankar for oss – men fredstankar. Det synte han da han sendte Jesus til oss (jul à påske). Gjennom Jesus har me framtid og von – også om livet her på jorda er slutt!

Gjer som på søndagsskulen, bruk minneord! Prøv å lær vers 11 utanboks saman med barna (kan gjentakast i slutten av gudstenesta).

--

Forresten gudstenesta er jo full av fredsord!

Nådehelsing, Lovsong, (Forbøna), Fredshelsing under nattverd, Velsigning, Utsendingsord.

EI SALME

Norsk Salmebok Nr. 726 Eg faldar mine hender små

LITURGI

Nådehelsinga Gje to store barn i oppdrag å spreie nådehelsinga rundt i kyrkjerommet på ein ny måte. Slik kan ein sette fokus på kva det er som møter oss frå Gud til å byrje med i gudstenesta (- det er ikkje vår syndsvedkjenning som er det fyrste – men Gud som møter oss med sin nåde og fred!).

Dei to barna seier heile (eller kvar sin del) av nådehelsinga til dei som sitt ytst mot midtgangen bakarst i kyrkjerommet. Desse skal så gje helsinga vidare ved å seie det til den som sit ved sida av (eller framafor) – og denne skal så seie det vidare til nestemann. Slik bølgjer orda gjennom kyrkjerommet – til dei endar framme hjå presten. Etter å ha motteke orda frå kyrkjelyden gjentek presten helsinga høgt.

(etter Ingunn Hagen – les meir i boka "Gudstjenesteleken")

Anne Berit J