13. søndag etter pinse

Jes 29,17-19

FORANDRING I NAMNET ÅT FADEREN, SONEN OG DEN HEILAGE ANDE

"Forandring frydar" heiter det seg. Og nokre kvinner opplever ei intens glede ved å kunne ommøblere stova heime, kjøpe nye gardiner og setje opp ny tapet. Andre av oss har ei meir lunka haldning til slike endringar. Gjennom heile Bibelen er det sett fokus på endringar. Det gamle skal verte nytt. Gud frydar seg ved forandring. Det er han sjølv som set i gang arbeidet og som ventar at folket hans skal slutte seg til. Vi ser det i Jesaja-teksten for denne søndagen. Og når vi knyter denne teksten saman med Det nye testamentet, ser vi tre dimensjonar ved Guds endringsarbeid:

  1. Forandring ved Faderen
  2. På gardsbruket som eg eig, har eg eit område nær huset der det ligg mange store steinar. Det går ikkje an å dyrke her. Men dei siste ti åra har eg mellom steinane planta frukttre - eple, plomme, pære og moreller. No byrjar det steinute område å likne på ein frukthage, om nokre år skal frukttrea stå der så store at området ser ut som ein skog. Området har endra seg frå å irritere meg til å gje meg stor glede. Kor ofte tek ikkje Gud i Det gamle testamentet eit initiativ til å gje folket eit grøderikt land, ein plass som flyt med mjølk og honning, der dei kan bu i fred og overflod - eller som det heiter i søndagsteksten: Gud skal ta eit initiativ for å omgjere Libanons steinlandskap til ein frukthage som skal vekse og verte stor som ein skog. Det er Gud skaparen som ønskjer den gode forandring for sitt folk.

  3. Forandring ved Sonen
  4. Eg minnest eit program i TV ein søndagskveld for nokre år sidan der det var song og vitnemål av personar frå Evangeliesenteret. Koret hadde sunge ein evangelisk song og ein mann i 30-40 åra steig fram og fortalde korleis han hadde møtt Jesus for tre veker sidan og at Jesus hadde fridd han frå alkoholen si makt. Det var underleg å høyre korleis denne mannen hadde fått eit nytt syn på seg sjølv og på verda omkring, han streva enno litt med å finne dei rette kristelege orda, men halleluja hadde han lært. Det hadde skjedd ei forandring både på syn og høyrsel hos denne mannen, slik det står i Jesaja-teksten: "Den dagen skal dei døve høyra ord som står skrivne i bok, og ut or mørker og dimme skal blinde augo sjå". Det var jo dette Jesus kunngjorde skulle skje då han stod fram i synagoga i Nasaret (Luk 4,16ff).

  5. Forandring ved Anden

I studietida mi kom nokre av oss studentane ein gong i ein heftig diskusjon om personlegdomsforandring. Går det an å endre si eiga oppførsel gjennom aktiv trening. Kan ein som er utolmodig av natur, verte tolmodig? Kan ein som er snarsint, verte langmodig? Nokre av oss ville invitere ein psykolog til eit seminar om dette. Andre meinte det var heilt bortkasta energi. Paulus talar om Andens frukt som er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde og sjølvtøyming. Når Guds Ande verkar på eit menneske, skjer det ei grunnleggjande forandring. Det tek til å bere frukt. Kyrkjelyden skal verte som ein frukthage. Sjølv om det var nokså hardt og steinfullt på førehand. Folk som var fattige i seg sjølve, har fått noko å gje kvarandre. Også dette skimtar vi i Jesaja-teksten: "Dei hjelpelause skal atter gleda seg i Herren, og dei fattige skal jubla over Israels Heilage".

Innleiinga til Jesaja-teksten for søndagen er spanande: "No er det berre ei lita stund, så skal …". Forandringa står like rundt hjørnet. Guds kyrkjelyd skal heile tida leve med denne forventninga: No er det like før det skjer ei stor forandring hjå oss og med meg. Ei forandring i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Det har snart teke 10 år å forandre krattet på garden min til ein frukthage. Guds endringsprosess går så mykje raskare og betre. Den kan vere gjennomført i same stunda som vi høyrer evangeliet og tek imot det i tru.

Geir Sørebø