IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

13. søndag etter Pinse

Jes 29:17-19

I PREIKA

Denne søndagen skal me preike over ein av tilleggstekstane frå gamletestamentet. Det er vel ikkje akkurat ein tekst som ein ville prioritere med tanke på barn. Men det er ein vakker tekst, poetisk og full av framtidshåp, om berre ei stund! Bilde av frukthagen som den gode stad å vere kan me vel skjønne til ein viss grad, sjølv om det hadde langt større kraft i seg da det vart tala til eit "ørkenfolk". At det er fantastisk om døve kunne høyre og blinde kunne sjå, at dei hjelpelause skulle få glede seg og at fattige skulle få grunn til å juble, det vil nok også dei fleste barn kunne vere einige med oss i. Men det er neppe lett for dei å høyre det fyrste gong teksten vert lesen. Difor trur eg at ein må bruke litt tid på kva teksten eigentleg seier. Kva er det for ein framtidsdraum Jesaja eigentleg fortel om??

Dessutan kunne det vore fint med nokre ord om Jesaja, kven var han? Og: kva er ein profet?

Kva skjedde så? Vart framtidsdraumen verkeleg? Her kan me fortelje om Jesus – om blinde som fekk sjå, om døve som fekk høyre…. Han også tala om ein framtidsdraum der alt skulle vere godt. Om Guds rike, som gjennom Jesus var der og er her og nå, men som og ein dag skal bli synleg for alle – den dagen alt skal bli nytt. Framtidsdraumen om ein ny himmel og ei ny jord er ein levande draum for kyrkja også i vår tid. Kanskje lengtar me ikkje så mykje etter han som før, men me vil gjerne leve livet med håpet om ei ny framtid etter døden. Om staden der alt skal vere godt, der me skal vere nær Gud. Korleis trur du det skal bli???

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 194 Eg veit i himmelrik ei borg (Norsk Salmebok nr. 843)

LITURGI

Preika Bruk eit laangt ark, gjerne nedover midtgangen. Fordel farger utover. Sett i sving gamle og unge til å teikne: Himmel, slik eg ser han. For dei som ikkje har så lett for å bøyge seg kan ei ha ark å dele ut som ein seinare limer på det lange arket. Kanskje kan arket henge framme, eller evntuelt takast fram, til Helgemessesøndag 2. november.

Anne Berit J