Skjærtorsdag
Jes 53,1-5

Tenaren som er over oss, med oss og for oss

Tenar er eit ord som den yngre generasjon kanskje ikkje forstår lenger. For det er ingen som står oppført i telefonkatalogen med tittelen tenar. I eldre tider var det ikkje slik. Mange byrja si yrkeskarriere som tenar. Og nokre vart tenarar heile livet. Tenar kunne vere så mangt. Det kom an på kven du var tenar hos. Var du tenar hos ein liten gardbrukar, så var det noko heilt anna enn å vere tenar hos godseigaren eller kongen.

Det tekstavsnittet som skjærtorsdagsteksten er henta frå handlar om ein tenar. Det er ein heilt uvanleg tenar, full av motsetningar. Det er nok fordi han er tenar hos ein heilt uvanleg herre. Tre hovudtrekk kjem fram hos denne tenaren:

  1. Over oss
  2. For litt sidan såg eg eit par TV program om universet. Ulike vitskapsmenn uttala seg om nye observasjonar som synest å vise at universet ikkje har vorte til ved ein stor eksplosjon slik mange har hevda gjennom dei siste åra. Etter å ha sett programmet så sat eg att med ei sterk kjensle av at universet kort og godt overgår vår fatteevne, at det er svært lite vi veit og slik kjem det truleg alltid til å vere, sjølv om vi altså lever midt i det.

    Når menneske i Det gamle Israel gjorde sine gudserfaringar, hadde dei også ei kjensle av å vere nær noko som sto langt over all menneskeleg fatteevne. "Ve meg, det er ute med meg" , sa Jesaja. "Eg har tala om ting eg ikkje skjønar", sa Job. Moses fekk lysande andlet etter å ha vore nær Herren. Og sjølv den kristne Paulus talar om ein Guds visdom som dei kloke ikkje kan skjøne (1 Kor 1). Profetteksten for denne skjærtorsdag fell inn i denne rekkja, når det vert tala om ein bodskap så underleg og annleis at ingen vil tru han, om ein renning som veks natursstridig opp av turr jord, ein veik Herrens tenar med ei underleg livskraft. Ein Guds tenar mellom oss, men likevel over oss - over vår fatteevne

  3. Med oss
  4. For litt sidan var eg innom ei kyrkje der det i våpenhuset stod ei gamal treplate med informasjon om korleis kyrkja vart bygd midt på 1800-talet. Til overskrift på plata stod det "Gud med oss". Det kunne saktens vere eit fint perspektiv på alt det som hende i kyrkja. Dette var ei erfaring som israelsfolket hadde gjort. Gud hadde gått med gjennom havet og gjennom øydemarka, gjennom dagar med fred og dagar med krig. Det var ikkje alltid at folket hadde vilja gå med Gud, men han hadde vilja gå med dei. Denne lovnaden får ein ny dimensjon når profeten kunngjer at Herrens tenar skal gå med sitt folk inn i sjukdom og piner. Eit ord som Matteus seier vart oppfylt då Jesus dreiv ut ånder og lækte sjuke (Matt 8,17). Den som har erfaring frå dette kan saktens seie: Gud med oss.

  5. For oss
  6. Årets navn i Dagbladet 2003 vart ein bussjåfør som vart stukken med kniv av ein passasjer medan bussen var i fart. Han greidde å halde bussen på vegen og parkere før han døydde. Ingen av dei 34 passasjerane vart fysisk skada. Det ser ut til at han då den kritiske situasjonen oppstod greidde å tenkje på passasjerane sin tryggleik. Han døydde for dei. Dette vesle ordet "for" går igjen i Jesajaboka sin tekst: "Han vart såra for våre brot og sundbroten for vår synder". Denne tenaren som teksten talar om let seg ikkje identifisere i Det gamle testamentet, men når vi kjem til Paulus, så er nett dette vesle ordet "for" eit nøkkelord når han omtalar Jesus si liding og død. "Kristus døydde for syndene våre etter skriftene" (1 Kor 15,3). "Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss" (2 Kor 5,21), seier Paulus.

    På skjærtorsdag samlast mange rundt nattverdsbordet. Nattverden gjev oss nettopp eit glimt av tenaren som er over oss fordi han på ufatteleg vis kjem samstundes til menneske over heile jorda, han er med oss for han gjev seg sjølv i brød og vin alle som tek imot og han er der for oss, for det vert kunngjort at alle våre synder er sona.
    Geir Sørebø