IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Skjærtorsdag

Jes 53:1-5

I PREIKA

Årets preiketekst er henta frå Jesaja, og handlar om Herrens lidande tenar. Denne teksten er ikkje heilt enkel, men poetisk og smerteleg vakker. La gjerne teksten tale for seg sjølv. Kva med å finne ein i kyrkjelyden, som er skikkeleg god til å lese, og få teksten deklamert. Oppleving for både store og små.

Både lesetekstar og preiketekst peikar på at Jesus er audmjuk og bøygar seg ned. Syner at det største ikkje er å herske, men å tene. Om me kikkar på kva bibelen fortel om korleis, og kven, Jesus møter og retter ut ei hand mot, er det forbausande (eller kanskje ikkje….) mange av dei som høyrer til dei utstøytte, dei låge. Kvinna som vaska føtene hans i eigne tårer, kvinna som vart grepen i ekteskapsbrot, Sakkeus, kvinna ved brunnen; for å nemne nokre få.

Vaskinga av føtene til læresveinane er eit godt døme på korleis Jesus ønska at me skulle vere. Slik skal me vere mot medmenneska våre: bøye oss ned og gjere skitjobben for dei. Dersom det høver i gudstenesta kan ein gjerne legge inn fotvasking etter preika, for å gjere dette meir synleg og konkret.

Preiketeksten gjev oss hjelp til å knytte saman skjærtorsdag og langfredag. Jesus kom for å tene oss. Han kom for å gjere heilt at det som var gått i stykker. For å gjere det måtte han dø. Før han triumferande kunne knuse døden, og alt det som har gått galt mellom oss og Gud, i oppstoda på Påskedag. Han retter fram til oss brød og vin, kropp og blod, for å minne oss om at han har gjort alt for oss. Alt er ferdig! I nattverden kjem han til oss, og gjev oss alt i eit lite stykke brød, og ein skvett med vin. Takksame får me ta imot!

 

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 320: Dine gaver venter på oss

LITURGI

"Rydde altarbordet": På slutten av gudstenesta kan ein gjere klart for langfredag ved å bære ut alt som står på altaret. Blomar, ljos, duk m.m. Bruk gjerne både barn og vaksne til oppgåva.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J