Bots- og bededag

Jes 59,1-4.8-9

VEGEN TIL NYTT LIV

Det har vore sagt at Bots- og bededag er den mørkaste dagen i kyrkjeåret. Dagen ligg der mørk og tung som ein svart, nypløgd åker der du ikkje ser ein einaste grøn spire. Men vi veit at det er den svarte, våte åkeren som gjev grunnlaget for nytt liv. Slik og med Bots- og bededagens bodskap slik det møter oss i bibeltekstane. Jesaja-teksten viser oss ein veg til nytt liv. Denne vegen vil alltid, slik som i denne teksten, på ein eller annan måte vere innom desse tre stasjonane:

1. Den religiøse lengt

Eg er sjølv ein ivrig hjortejeger. For nokre dagar sidan sat eg ute i mørkret ein sein kveld. Eg venta på at fullmånen skulle kome opp. Då ville det vert ljost nok til å sjå dyra gjennom kikkertsiktet og til å skyte. Eg visste at månen steig over kanten av fjellet rundt midnatt. Men ved midnattstider var det like mørkt. Svarte skyer hadde trekt over himmelen, og låg der som eit teppe som heldt ljoset borte. Men eg gjev ikkje opp. Stadig nye kveldar vil eg sitje og vente på ljoset.

"Kirken i møte med den åndelige lengsel i vår tid" heiter ei sakene som er sette opp på dagsorden til Kyrkjemøtet i november 1999. Bakgrunnen for å ta opp ei slik sak må vere at det på dørstokken til eit nytt årtusen faktisk finst ein åndeleg lengt i folket vår. Ein lengt etter Gud og nytt livsinnhald. Vil eit nytt ljos stige over landet vårt når vi går inn i år to tusen? Ein slik lengt er ikkje ny. Vi finn han att i Jesaja-teksten for Bots- og bededag: "Vi ventar på ljos, men sjå det er mørkt, på solskin, men ferdast i skugge" (v.9). Den religiøse lengt har visst nok kome i bølgjer i historia, men har vore der frå mennesket sine første dagar.

2. Den stengjande synd

Det er ikkje berre på himmelen at det kjem mørke skyer som stengjer. "Eg orkar ikkje lenger ha kontakt med han", var det ei kvinne som sa om sin far. Ho kunne antyde ei historie om ein vond barndom med mishandling og mangel på omsorg. Etter kvart hadde kontakten mellom dei vorte umogeleg. Og no var det slutt på all dialog.

"Det er misgjerningane dykkar som skil mellom dykk og dykkar Gud. Syndene dykkar løyner hans åsyn, så han ikkje høyrer dykk", seier profeten (v.2). Her er det ikkje Far som har avvist sine born, men borna som har gjort opprør mot sin Far og hans gode vilje. Det anfekta og lengtande mennesket ropar gjerne: "Kor lenge, Herre? Vil du løyna deg for alltid?" (Sal 89,47). Men Gud løyner seg ikkje. Gud har tvert om openberra seg og sin vilje for oss. Son hans kom som eit ljos til verda og lyser for kvart menneske (Joh 1,9). Når det likevel ligg ei mørk sky mellom oss og Gud, så er det våre misgjerningar som stengjer.

3. Den frelsande kraft

For ikkje lenge sidan var eg på vitjing hos eit ektepar som hadde fått sitt første barn. Dei var naturleg nok fokusert på barnet sitt liv og alt det dei kunne gjere for at vesleguten skulle få det så godt som mogeleg. Dei hadde utstyrt seg med ein såkalla "babysitter". Ein trådlaus sendar som kunne plasserast ved vogga og så hadde mor med seg eit lytteapparat kvar ho enn var i huset. Det minste klynk frå barnet kunne med ein gong registrerast. Dette kan vere eit bilete på Gud - bortsett frå at han ikkje treng noko lytteapparat. For "hans øyra er ikkje så tunghøyrt at det ikkje kan høyra" (v.1). Det minste rop om tilgjeving og hjelp vert registrert. Og Gud kan gjere noko for det mest fortvila menneske, for "Herrens hand er ikkje så kort at han ikkje kan frelsa". I saksførebuinga til Kyrkjemøtet 99 heiter det: "Åndelig fornyelse følger naturens grunnspråk: For at nytt liv skal vokse fram, må noe dø. Guds skapende Ånd kan ikke komme inn der det allerede er fullt". Det som må døy er vår eigenkjærleik og vår likesæle for Gud og medmenneske. Kanskje skulle vi på Bots- og bededag våge å sende ut eit lite rop til Gud: "Gjer meg tom slik at det kan verte plass til din Heilage Ande hos meg. Ta bort mitt forsvar slik at eg kan stå fram i ljoset som den eg er for å få tilgjeving, lækjedom og kraft til nytt liv".

Geir Sørebø