IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Bots- og bededag

Jes 59:1-4+8-9

I PREIKA

Gud har lange frelsararmar og han høyrer godt! Han vil så gjerne at me skal komme til han og be om tilgjeving, seie unnskyld for det som vart galt mellom oss.

Vi starta gudstenesta med å leggje frå oss steinar ved krossen. Samstundes skulle vi få legge frå oss, og be om tilgjeving for det som har gått gale mellom oss og Gud, mellom oss og andre menneske. Har du kjent det nokon gong? At noko har kjennest som om det klumpar seg inni deg? Kjente du det på kroppen da du såg kor såra ho eller han vart over det du sa eller gjorde? Når noko har blitt annleis enn tenkt?

Nå ligg alt der som ein stein ved krossen. Kjenner du på kroppen at du har lagt det ifrå deg?? Kanskje kjenner du deg klar og modig til å møte den du såra og seie: Kan du tilgje meg? Gud tilgjev oss og ber oss også om å tilgje andre. Gjennom tilgjevinga si gjer han oss modige til å våge å seie unnskyld. Likevel er det slett ikkje lett å sjå nokon inn i auga og seie at det ein gjorde var feil. Men etterpå kjennast det veldig rett, og kanskje vert du tilgjeve, og kanskje kan de byrje venskap med blanke ark??

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 138: Gud, du er hos meg når alt går på tverke

LITURGI

Kva med å starte gudstenesta ute denne dagen (dersom ikkje alt er dekt av snø!) Start med kort å fortelje kva bot er, korleis starta denne dagen i kyrkjeåret? Sei også litt om gudstenesta sin liturgi. Fortel også at alle skal finne seg ein stein, denne skal symbolisere alt det vi bærer på av synd, det som gjekk gale mot Gud og menneske. Medan klokkene ringer saman (start 11) finn alle ein stein, og saman går me inn i kyrkjerommet. Organisten spelar passande musikk, mens folk finn plass. Alle står under klokkarbøna, så skal alle få komme fram og legge frå seg steinen ved krossen (som på førehand er sett opp ved altarringen). Slik som me legg steinen frå oss ved krossen slik skal me få legge frå oss alt det som gjekk galt, be om tilgjeving og få tilgjeving frå Gud.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J